Oppdatert info om tilbod ved skulen
Tilsette i barnehagar og tilsette på 1. – 4. trinn i skulen er frå 13. april 2020 rekna som viktig personell i handteringa av koronakrisen. Personell i desse verksemdene kan få tilbod om barnehage- og skuleplass.
Føringar for å få tilbod jf. regjeringen.no 13. april
Av omsyn til smittevern er terskelen for å få slikt tilbod høgt. Det er to moglegheiter for å få eit tilbod:
- Føresette har kritisk samfunnsfunksjon
- Føresette har andre verksemdkritiske oppgåver (til dømes reparera teknisk utstyr på sjukehus)
For både punkt 1 og 2 gjeld desse vilkåra:
- det er nøkkelpersonell innafor dei samfunnskritiske funksjonane som er omfatta, og ikkje funksjonar som generelt kan vera viktige utan å vera samfunnskritiske
- det vert lagt til grunn ei restriktiv linje der det vert om oppfordra til deling av barnepass mellom føresette
- bruk av andre slektningar og andre til barnepass kan ved behov vurderast, men eldre og andre personar i risikogrupper bør ikkje brukast
- barna skal vera under 12 år og det er tilstrekkeleg at ein føresett arbeidar i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod. Der barnet ikkje bur saman med begge foreldra/føresette, men kor den eine føresette er i samfunnskritisk funksjon kan det også gjevast tilbod om plass
Kritisk samfunnsfunksjon
- Forsvar
- Lov og orden
- Helse og omsorg
- Redningsteneste
- IKT-tryggleik i sivil sektor
- Natur og miljø
- Forsyningstryggleik
- Vatn og avløp
- Finansielle tenester
- Kraftforsyning
- Elektroniske kommunikasjonstenester
- Transport
- Satellittbaserte tenester
- Apoteka
- Tilsette i barnehage og tilsette i skule 1.-4. trinn