7. kl
Utviklingssamtalar veke 43 og 44
Det blir gjennomført utviklingssamtalar for elev- og foreldre i vekene 43 og 44. Sjå oversikt i sekkane til elevane om de ev må byte tidspunkt.
Klasseforeldremøte
Det blir klasseforeldremøte i klasserommet på skulen, tysdag 24.september kl 17.
![Arbeid med Munch-figurar Arbeid med Munch-figurar](https://img6.custompublish.com/getfile.php/2397549.1686.ebwdaatdpw/195x0/0_2397549.jpg)
Munch
Elevane har latt seg inspirere av Munch - utan at dei visste at det var det dei var...
![Ved matbordet Ved matbordet](https://img6.custompublish.com/getfile.php/2397572.1686.edpvswuptx/195x0/0_2397572.jpg)
Nyplukka bringebær og blåbær
Syltetøy sto på planen, og det er ingen sak når ein har ein morgonfrisk elev som plukkar bær frå eigen hage og tek med på skulen! :)
![Møte med fadrane Møte med fadrane](https://img6.custompublish.com/getfile.php/2397531.1686.vywywwyxys/195x0/0_2397531.jpg)
Møte med fadrane
5.-7.klasse er fadrar for 5 åringane, 1. og 2.klasse. Me har vore på tur i lag, og me har starta med lesing.
![Maling Maling](https://img6.custompublish.com/getfile.php/2397565.1686.tbyesacrcv/195x0/0_2397565.jpg)
Klassereglane er på plass
Det var høg lyd og mykje latter i klasserommet då me skulle laga klar plakaten med klassereglane!
![Omvisning v Anders Bolstad Omvisning v Anders Bolstad](https://img6.custompublish.com/getfile.php/2390567.1686.dtwvystpdr/195x0/0_2390567.jpg)
Val 2013
I samfunnsfagstimen i dag tok me turen ned til vallokalet på Skjolden. Der blei me møtte av tre smilande og hjelpsame funksjonærar. Anders Bolstad tok oss med på ein omvisning i vallokalet og forklarte oss korleis valrutinane er. Elevane fekk både sjå og lese på listene til dei ulike partia før me gjekk ut att i gangen der Anders viste oss stemmeurna der stemmesetlane skulle oppi, og fortalde meir om kva som skulle skje vidare utover dagen.
Etter omvisninga sat elevane i gangen og såg på då læraren gjekk inn i vallokalet, kom ut att med stemmesetelen i handa, vart avkryssa i manntalet, fekk stempla stemmesetelen og putta han i stemmeurna.
Tusen takk for ei flott guida tur i og om valet!
Då me kom opp att på skulen jobba me vidare med valet, og elevane hugsa nesten alle dei politiske partia i Sogn og Fjordane.
Nå er me spente på resultatet og kven som blir den nye statsministaren i Noreg! Godt val!
![Måling Måling](https://img6.custompublish.com/getfile.php/2366760.1686.bsbrrscftq/195x0/0_2366760.jpg)