A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Nyplukka bringebær og blåbær

Syltetøy sto på planen, og det er ingen sak når ein har ein morgonfrisk elev som plukkar bær frå eigen hage og tek med på skulen! :)

Deig, gruppe 1
Deig, gruppe 1
Deig, gruppe 2
Deig, gruppe 2
Flotte, ferdige scones
Flotte, ferdige scones
Klargjering av vekta
Klargjering av vekta
Syltetøy
Syltetøy
Ved matbordet
Ved matbordet

Fyrste matlagingsøkta for 6.klassingane er historie. Me hadde samla opp nokre timar og fekk vere på kjøkenet nesten heile dagen!

Me hadde ei god økt der me både fekk læra om hygiene og bordskikk, i tillegg til å baka scones og laga syltetøy. Me hadde fått nyplukka bringebær og blåbær og dei lukta fantastisk godt, og smaka om mogleg enda betre! Baksten vart vellukka, og me praktiserte det me hadde snakka om med god handhygiene og ei triveleg stund ved matbordet!

Tusen takk for dei flotte bæra, me har til og med fått nokre glas med syltetøy i frysen til seinare bruk!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS