Fiskesprell
I dag var det fisk på menyen i mat og helse.
Målet med timen, forutan å ete god og sunn mat, var å lære at feit fisk inneheld mykje omega 3 fettsyrer som er viktige for kroppen, og for å ha god helse. Potetene er rik på fiber, vitamin B1 og C, jern og kalium, og er derfor ein veldig viktig del av kosthaldet vårt. Det er uendelege moglegheiter og variantar av potetmat!
Me bør ete fisk tre gonger i veka for å få i oss riktig mengd med omega 3. Fisk kan også tilberedast på mange måtar, både i gryter, fiskekaker og gratengar.
Elevane et vanlegvis godt i mat og helse-timane, men i dag var ein del særs beskjedne i inntaket. Nokre forklarte det skuldast dårleg matlyst etter sjukdom, medan andre likar betre anna type fisk, som til dømes torsk. Uansett, råvarene var av god kvalitet, og me var ein to tre som tykte maten smakte godt!