Et fisk og bli frisk!
I den fyrste mat og helse-timen på nyåret laga 6.klassingane lakseomelett, og rydda i på gruppeplassane sine.
Det fins mange gode oppskrifter på mat med fisk i, og denne gongen brukte me ei oppskrift frå eit kurs i fiskesprell. Lakseomelett kan tilberedast både i steikepanne og i ildfast form i omnen, og me sette vår i omnen. Det tek nok litt lengre tid enn det som stod i oppskrifta, men medan me venta på at eggeblandinga skulle stivna på toppen, rydda 6.klassingane i hyller, skuffer og skap på kjøkenplassane sine.
Retten var verdt å vente på, forma vart skrapa og omeletten var saftig og god!