A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehageavd.

Barnehagen

Vekeplan 31.okt - 11. nov

Desse to vekene skal me teikne, danse, lese i grupper og ha ein del besøk av skuleborn. No blir det meir inneaktivitetar, og gymsalen vil me bruke sjølv om det ikkje står på planen. Hugs gymsalsko.

2016-10-29
monki

Barnehagen

Månadsplan for 17. - 28. okt

Me avsluttar temaet om grønsaker med å bake potekaker ilag med Helselaget. Me vil denne perioden ha fokus på Forut og barna i Nepal. Trykk på "Les meir" for å å sjå planen.

2016-10-17

Barnehage

Månadsbrev for September

Her finn du oppsummering av kva me har drive på med i september. Trykk på "les meir" for å sjå heile dokumentet.

2016-12-09

Barnehagen

Plan for 3.- 14 . okt

Ny plan for to nye veker.

 Viss nokon tek fri i veke 41, (haustferie på skulen),vil me gjerne ha beskjed snarast.

Viktig med bytekle!!!

2016-09-30

Barnehagen

Månadsplan

Plan for 19. - 30. september

2016-09-16

Stenging av vatnet torsdag 8.september

Vatnet på samfunnshuset, i barnehagen og på skulen har for høgt bakterienivå slik at vatnet må kokast før det kan drikkast. Kommunen er i ferd med å lage nytt vassinntak, og skal reingjere drikkevatnbassenget for at vatnet skal bli reint nok att. For å gjere dette, må dei stenge vatnet ein dag, og det vert no på torsdag, 8.september (ca 8-15, kanskje ferdig tidlegare). Denne dagen er skuleelevane i Gaupne på aktivitetsdag, men barnehagen har vanleg drift. Me har vore i kontakt med kommunelege Schønberg, og fått retningslinjer for korleis me skal gjennomføre dagen i barnehagen på forsvarleg måte. Det viktige for foreldra, er at borna må med seg niste denne dagen. Ta kontakt om de har spørsmål!

2016-09-06
Stabbur

Barnehagen

Månadsbrev for august

Månadsbrev for august.

 

Den fyrste tida i det nye barnehageåret blir alltid litt prega av ein oppstartsperiode, det er godt for alle å starte året litt rolig etter sommarferien og komme inn i kvardagen att. I år var det eitt nytt barn som starta. Me ynskjer Håkon velkommen i barnehagen og håpar han trivast hjå oss! Me starta barnehageåret med eit prosjekt om kulturminner. Alle barna er ute på tur i nærmiljøet og ser på ulike kulturminner.

2016-12-09

Barnehagen

Vekeplan for 5. -16. sept

Me er godt igang med nytt barnehageår, og har komme oss ut på mange fine turar. Gjennom prosjektet Kulturminner har me besøkt ulike stader, og fleire vil me besøke. Skrivdans er noko som 4-åringane skal vere med på ilag med Carla seinare i  haust. Difor vil me øve oss litt på førehand. Me skal lage mat på kjøken, og feire ein to-årsdag.

2016-09-02

Barnehagen

Vekeplan for 22. aug - 2. sept

Oppstart og turar blir det me skal gjere på i to veker framover.

2016-08-18

Barnehagen

Vekeplan

Då er me akuratt kommen igang med nytt barnehageår. Vekeplanar over to veker vil me starte opp med frå veke 34. Denne fyrste veka vil gå med til oppstart for både nye og "gamle" barn. Me vil komme oss på tur med 4-åringane i slutten av veka, men det skal de få nærmare beskjed om:)

2016-08-15
Powered by CustomPublish AS