A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Dette skuleåret er det seks born som går siste året i barnehagen

Overgang barnehage-skule

Kva bør barnehageborna kunne når dei byrjar på skulen? Viktige ferdigheiter barnehagen arbeider med siste året før skulestart (som vert vidareført på skulen).

Brev før skulestart: Kjære foreldre til kommande 1.klassingar ved Jostedal skule!
Luster kommune har fokus på kor viktig ein god og trygg overgang mellom barnehage og skule er for ungane våre, og difor vil me bygge vidare på det tette samarbeidet mellom pedagogisk leiar for dei eldste i barnehagen og lærar i førsteklassen. Me har valt ut nokre punkt som er greie å vere samkøyrde om både for barnehagen, skulen og heime i perioden som avsluttar av tida i barnehagen. Kom gjerne med spørsmål eller innspel til punkta – dette arbeidet er i stadig utvikling!


Rammeplanen for barnehagen seier dette om overgang barnehage –skule: «Barnehagen skal i samarbeid med foreldre og skolen legge til rette for at barna kan få en trygg og god overgang fra barnehage til skole og eventuelt skolefritidsordning. [...] De eldste barna skal få mulighet til å glede seg til å begynne på skolen og oppleve at det er en sammenheng mellom barnehagen og skolen. Barnehagen skal legge til rette for at de eldste barna har med seg erfaringer, kunnskaper og ferdigheter som kan gi dem et godt grunnlag og motivasjon for å begynne på skolen. Barnehagen skal bidra til at barna kan avslutte barnehagetiden på en god måte og møte skolen med nysgjerrighet og tro på egne evner. Barna skal få bli kjent med hva som skjer i skolen og skolefritidsordningen».

DAGSPLAN VED SKULEBESØK
Innhald skuledag:
Kl  9.45  5-åringane kjem bort til 2.time på skulen: Rim og regler, klappeleikar, leikeskriving på PC, skrivedans og leik. På nyåret er det meir fokus på blyantgrep og arbeid i blyantboka.
Kl 10.30 Friminutt med uteleik for alle elevar
Kl 10.55 Måltid (elevane et medbrakt niste saman med 2.-4-.klasse, barnehagen har med drikke). Høgtlesing og frileik inne
Kl 12.00 Avslutning

Badedagar:
I år vert det ikkje faste badeøkter med skulen. 5-åringane har eigne badeøkter i barnehagen til over jul. Me vil få til nokre badeøkter på våren ilag med 2.kl, der me har fokus på: Å øve på å kle av og på seg sjølv. Øve på å dusje og tørke seg sjølv. Passe på eigne klede og sitt badeutstyr. Symjetime/bli trygg i vatnet saman med andre.

Dato for skulebesøk fram til jul:
Måndag 23. oktober
Måndag 6. november
Måndag 4. desember
Det er alltid med ein vaksen frå barnehagen

Plan for Jostedal Oppvekstsenter: Overgang bhg-skule

Borna skal oppleve at det er progresjon etter alder i barnehagen sitt opplegg, dei eldste får eit anna tilbod og andre forventningar enn dei yngste. Forslag på område ein arbeider særskilt med siste året i barnehagen finn ein i tabellen under. Ein del av punkta er fine å øve på heime og.

Å vere den største i barnehagen inneber:

 

 

  • å kunne presentere seg med namn og kvar ein bur.
  • å kunne kle seg sjølv og ordne seg på do
  • å kunne passe på sine eigne ting
  • å øve på å halde blyanten rett
  • å øve på rett skrive- og leseretning
  • å øve på  teikning og klipping
  • å øve på å skrive namnet sitt
  • å øve skrivedans i barnehagen
  • å øve i «Blyantboka» på skulen
  • å øve leikeskriving i rolleleik med 2. klassen

 

Språk og kommunikasjon

  • å øve på å få eit godt munnleg språk
  • å kunne gjere seg forstått med ord
  • å kunne fortelje om ei oppleving
  • å øve tur-taking i samtalen
  • å høyre på høgtlesing og kunne gjenfortelje det ein las
  • å leike med ord: rim og regler, orddeling, rytme.
  • å ha kjennskap til bokstavar og tal (bokstavlyd og bokstavnamn)

 

Konsentrasjon

  • å kunne ta imot ein beskjed, også i ei større gruppe
  • å kunne sitje i ro ei viss tid
  • å kunne starte opp, gjennomføre og avslutte ei oppgåve
  • å kunne vente på tur.
  • å kunne regelleikar
  • å godta uskrivne reglar i leik

Fysisk aktivitet

  • øve kroppskontroll-balanse
  • Leike leikar der ein bevisst øver på å krysse midtlinja
  • Tur i Bergsetdalen
  • Eigne badeøkter – øve på sjølvstendigheit i garderoben. Bli trygge i vatnet.
  • Felles friminutt med skulen
  • Delta på Busserulle-tur og lære bussvett-reglar
  • Fellestur med 2.kl til det gamle skulehuset i Prestgarden

 

Sosial kompetanse

  • ta kontakt med andre på ein positiv måte
  • bli trygg på seg sjølv og sine kjensler
  • ta omsyn og vise omsorg
  • samhandle med andre
  • vera sosialt aktiv utan å trykkje andre ned
  • vise akseptable kjensleuttrykk i forhold til sinne,     
  • engstelse og frustrasjon.
  • tore å protestere, argumentere, hevde eigne synspunkt
  • kunne tape og vinne i leik

 

Beste helsing frå Anne Kristin, Else Marie, Mette og dei andre på oppvekstsenteret

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS