Barnehagen
Vekeplan for 22. aug - 2. sept
Oppstart og turar blir det me skal gjere på i to veker framover.
VEKEPLAN FOR 22.august – 2. september 2016
Måndag 22
Song/teiknestund med Arvid og Oddbjørg
|
Tysdag 23
Tur for 2-åringar i nærmiljøet
LEIKEDAG |
Onsdag 24 |
Torsdag 25 |
Fredag 26
Tur for 3-4 åringane |
Måndag 28
Tur for 2-åringane
|
Tysdag 29
Varm-mat |
Onsdag 30 |
Torsdag 1. sept
4-åringane: Skrivedans
|
Fredag 3. sept
Tur for 3-4 åringane |
OPPSTART: Fyrste tida vil me bruke på å bli kjende med nytt barn som har starta hos oss. Oppstarta blir det i større eller mindre grad for alle, då barnegruppa er endra sidan før sommarferien. Me håpar på sol og ein fin haust med mykje utetid.
TURDAGAR: Alle barna skal få bli med på turar i grupper. Viktig at alle har med kle etter været, og rikeleg med bytekle/ekstra sko liggande i barnehagen til me kjem att. Turane vil både vere i nærmiljøet der me kan gå frå barnehagen, men nokre turar for 3-4 åringane blir med privatbilar til andre stader her i dalen.
KULTURMINNER: Barnehagen vil gjennom heile året besøke/sjå på gamle bygningar/jordkjellarar/steinmurar/løer og liknande, som me har rundt oss i nærmiljøet. Dette vil bli ein av dei stadane me går til på turane våre. På turen tek me bilde av kulturminnet, og lagar ein info om staden me besøkte. Med dette opplegget vil me at barna skal bli meir observante på kva me ser rundt oss når me er på tur, undre oss over kva dei vart brukt til og få eit innblikk i kor viktige desse stadane var i gamledagar. Når det gjeld køyring i privatbilar, kan det vere at me spør dikka som foreldre om de har høve til å hjelpe oss.