A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Faste aktivitetar kvar dag

Dagsplan i barnehagen

Dagsrytmen i Jostedal barnehage med forklaring av mål og innhald.

Det meste av læringa, omsorgen og danninga som skjer i barnehagen, skjer gjennom dei faste daglege aktivitetane og kvardagsrutinane. Her finn de dagsrytmen på "vanlege dagar" i Jostedal barnehage med forklaring av mål og innhald:

 

  • 7.00: Barnehagen opnar, frileik/aktivitet etter ynskje
  • 8.00-9.00: Medbragt frukost for dei som har, frileik
  • 9.45: Felles rydding
    • Fruktmåltid/knekkebrød
    • Tilrettelagt aktivitet, oftast i små grupper
    • Leik ute eller inne
  • 11.15: Rydding
    • Samling/songstund
    • Handvask
  • 11.30: Mat 
  • Kvilestund / soving (dei som søv har med eiga vagn og dyne/vagnpose)
  • Leik ute
  • 14.00: Frukt (ute/inne)
  • 16.15: Barnehage og sfo stenger

Dagsrytmen er rettleiande, og kan bli tilpassa etter omstende og særskilde aktivitetar.

Forklaring av mål og innhald for kvart punkt på dagsplanen:

  • LEIK
  • TILRETTELAGT AKTIVITET/GRUPPER
  • RYDDING/HANDVASK/SAMLING FØR MAT
  • MÅLTID
  • KVILESTUND
  • AV-/PÅKLEDNING
  • LEIK/AKTIVITET UTE/INNE
  • FRUKTMÅLTID

Leik:

Innhald:

  • Barna leiker med det dei vil, t.d rolleleik, teikne, spel, konstruksjonsleik o.a.
  • Personalet les bøker, er med på spel og ser elles til at leiken flyt.
  • Personalet er proaktive (førebyggande) mtp konfliktsituasjonar, og hjelper til å løyse konflikter når dei oppstår
  • Personalet observerer ferdigheiter og ser om barna får vere med i leiken m.m., hjelper til å få alle med i leiken (finn på passande rolle i rolleleik osb)

Mål:

  • Leik er barna sin hovudaktivitet for læring av sosial kompetanse, og ein føresetnad for trivsel
  • Allsidig læring og utvikling, jf Rammeplan for barnehagen (utvikling av sosial kompetanse, språklæring osb.)
  • Bearbeide ting som kan vere vanskeleg (tema i leiken vil spegle korleis ungane opplever kvardagen)
  • At barnet skal utvikle seg i det tempo som er naturleg for den einskilde
  • Barna skal ha ein god barndom

Tilrettelagt aktivitet/grupper:

Innhald:

  • Tilrettelagt aktivitet kan vere samlingsstund, formingsoppgåver, gymsalaktivitetar, turar m.m. Det er fyrst og fremst desse aktivitetane og tema i desse som vert skissert i månadsplan.

Mål:

  • Jobbe med dei 7 fagområda i rammeplan.
  • Allsidig læring og utvikling jf Rammeplan for barnehagen.

Rydding/ handvask/samling før mat:

Innhald:

  • Ei hovudopprydding før måltid
  • Ein vaksen steller i stand måltid og dekkjer bord. Eit barn er hjelpar og har nokre oppgåver kring måltidet. Vedkommande får hjelpe til med å stelle i stand måltidet, dekke bord, be til bords, telje i gang sang/regle.
  • Ein vaksen har samling med borna. Aktiviteten kan vere song, leikar, lese bøker o.s.v.

Mål:

Rydding:

  • Godt å få starte på nytt i leiken. Nye konstellasjoner i leiken.
  • Lære å sortere
  • Ta ansvar i fellesskapet

Handvask:

  • Lære gode hygiene
  • Redusere smittefare

I samling

  • Allsidig utvikling jf Rammeplan for barnehagen.

Måltid:

Innhald :

  • Me et frukost på kjøkken og hovudmåltid inne i barnehagen.
  • Som oftast et me brødskiver, men graut, suppe, vaflar, pannekaker m.m. står av og til på menyen.
  • Me brukar bordkort, men har ikkje faste plassar.
  • Ordenshjelp får velje kva for song/regle me skal starte måltidet med. Mykje brukt er (med rørsler):

Ormen den lange, kraup som ein slange, over eit gjerde, stal seg ei pære, delte den i to, versågod.

Mål

  • Ein sosial arena kring måltidet
  • Sunt og allsidig kosthald
  • Lære god bordskikk (Bruke normalt stemmeleie, sende mat til kvarandre, hjelpe kvarandre, vente på tur, prøve å ete opp det ein tek til seg)
  • Sjølvstendetrening (Klare å smørje maten sjølv, slå i mjølk i koppen, ete med skei osv)
  • Konsentrasjonstrening (Halde fokus på eigen aktivitet sjølv om det er mykje anna aktivitet omkring)
  • Koordinasjonstrening (auge/hand, Kropp/auge/hand/munn)
  • Språkstimulering (Lære namn på ulike pålegg, reiskap, preposisjonar og omgrep, samtale)
  • Tal- og teljetrening (1 pølse osv)
  • Sosial kompetanse (samtale, vente på tur, dele)

Kvilestund

Innhald:

  • Dei som skal sove får legge seg i vogn ute eller inne.
  • Dei andre kviler på madrassar under eit teppe, og lyttar til roleg musikk/ lydbok.

Mål:

  • Roe ned litt og ta seg litt inn att
  • Motverke stress

Av- og påkledning:

Innhald:

  • Ein tilsett ryddar etter mat.
  • Dei som går ut må ta på kle etter været i lag med ein vaksen.
  • Barna blir minna om at det er lurt å gå på toalettet før dei skal ut. (Den som vil)

Mål:

  • Rydde vekk maten, gjere rommet klart til leik og anna aktivitet.
  • Toalettrutinar: Lære seg gode rutinar. Kroppskontroll.
  • Påkledning: Sjølvstendetrening (finne eigne og eigna kle, kle på seg med minst mogeleg hjelp)
  • Halde orden på eigen plass i garderoben
  • Konsentrasjon. Greie å konsentrere seg om sine eigne kle i eige tempo.
  • Vente på tur. Ikkje alle kan få hjelp på same tid.
  • Utvikle kroppsbevisstheit

Uteleik:

Innhald:

  • Barna leikar på uteområdet ( klatrar, spring, syklar, akar, huskar, sandleik, rolleleik, regelleik t.d. stiv heks osv)
  • Barn og tilsette går tur.

Mål:

  • Allsidig utvikling med hovudvekt på det grovmotoriske og sosiale. Jf Rammeplan for bhg.
  • Motivere og inspirere barn til å like å vere ute.
  • Frisk luft
  • Trygge leikemoglegheiter.

Fruktmåltid:

Innhald:

  • Ein tilsett finn fram frukt/knekkebrød/yougert og serverer barna. I tillegg drikke.

Mål:

  • Eit lite påfyll av energi og væske for barna.
  • Viktige næringsstoff.
  • Gode vanar. Motivere barna til å ete frukt og grønt
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS