6. kl
Plan for skuleåret
2018/2019:
Her finn de planen som gir oversyn over kartleggingar, tema osb gjennom året - delt i 5 bolkar. Planen reviderast med jamne mellomrom gjennom året!
Tema me jobbar med
Bolkplan vår 2018
Her ser det kva tema me planlegg å ha gjennom året. De vil òg sjå når det er ulike kartleggingar, kva strategiar me har fokus på, tverrfaglege prosjekt osb.
Obs: Planar vert alltid endra!
GJE i staden for å få!
Omvendt julekalender
Det har vorte ein tradisjon på skulen at me er med på SOS barnebyer sin innsamlingsaksjon i desember. Elevane avtalar med foreldre/besteforeldre oppgåver dei kan gjere heime fram mot jul, og løna går til SOS barnebyer. Kvar skuledag ser me ein videosnutt frå korleis born har det rundt om i verda, og snakkar litt om det me ser. Dette er ein fin måte å reflektere over kva som er viktig med jula, kor heldige me er og kor urettferdig verda er, men òg over at det er mange måtar å ha det bra på og at me ofte blir like glade av å gje noko som av å få noko.
HER er lenkje til innsamlingsaksjonen.
God førjulstid!
Tema me jobbar med
Bolkplan 2017/2018
Her ser det kva tema me planlegg å ha gjennom året. De vil òg sjå når det er ulike kartleggingar, kva strategiar me har fokus på, tverrfaglege prosjekt osb.
Obs: Planar vert alltid endra!
SAMAR OG SAMISK
På den samiske nasjonaldagen 6.februar møttest heile oppvekstsenteret ved lavvoen i barnehagen og fekk samisk reinsgryte - Bidos - og skulen hadde språkkurs, utstilling av linoleumstrykk og dramatisering av samisk eventyr om Stallo:
" style=" color:#000; font-family:Arial,sans-serif; font-size:14px; font-style:normal; font-weight:normal; line-height:17px; text-decoration:none; word-wrap:break-word;" target="_blank">I dag fekk me mellom anna høyre eit spennande eventyr om #stallo under oppvekstsenteret sin markering av #samedagen. #jostedaloppvekst #6februar