Utviklingsarbeid
Barnehagen:
Årsplan 2016-2017
Her finn de same årsplanen som er delt ut på papir til alle føresette i barnehagen.
Jostedal oppvekstsenter - hjartet i bygda
Visjon og satsingsområde 2015-2016
Her er presentasjonen av satsingsområde i skule og barnehage 2015-2016 og visjonen "Hjartet i bygda" med oppgåvene foreldra svarte på på felles foreldremøte for oppvekstsenteret torsdag 27.aug 2015:
Haustens prosjekt med DIALOGISK LESING i barnehagen
"Blåbærturen"
Her kan de sjå den flotte musikkvideoen med 5-åringane i Jostedal barnehage!
Onsdag - fredag er Mette rektor/styrar i Trondheim på NKUL:
Konferanse om ikt i oppvekst og utdanning
Som ein del av Luster kommune si satsing på IKT innan oppvekstsektoren, er eg (Mette) med som rektor/styrar i delegasjonen som er på den store, årlege konferansen "NKUL" om ikt i barnehage og skule i lag med nærare 1250 andre skule- og barnehagefolk frå heile landet. Første dag på konferansen har me mellom anna høyrt Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i debatt med Trond Giske. Me deltek vidare på ulike foredrag som skal inspirere og hjelpe oss vidare med dette arbeidet i Luster. I kveld skal eg halde miniforedrag om korleis me jobbar med omgrepslæring i 6.-7.klasse. Me vonar det vert nyttige dagar!
Prioriterte tiltak 2014/2015
Satsingsområde SPRÅKUTVIKLING
Me er no inne i det andre året med språkutvikling som eitt av to satsingsområde etter at me tok Ståstadanalyse for skule og for barnehage våren 2013. Under følgjer ei liste over prioriterte tiltak for inneverande skule- og barnehageår. I tillegg jobbar me sjølvsagt med språkutvikling på mange plan i kvardagen både i skule og barnehage, men tiltaka under er enten litt nye, er særskild viktige for samarbeid mellomskule/barnehage og heim, eller dei går på tvers av alderstrinn og fag.
Milla, Julia, Anne Kristin og Oddbjørg synte
Kommunestyret korleis me jobbar med språkutvikling
Torsdag 25. september vart me inviterte til å komme i kommunestyret å fortelje om opplegget me har hatt i barnehagen. Julia og Milla fekk presentere kvar si bok, og Anne Kristin fortalde om dialogisk lesing. Etterpå fekk me lunsj. Flott at me vart inviterte!
Etter foreldresamtalane har me endra litt på utforminga av
VEKEPLANANE til skulen
Me har hatt veldig hyggelege og nyttige foreldresamtalar denne våren, og heldigvis fått nokre tips til korleis informasjonen frå oss kan bli enno tydelegare.