Barnehageavd.
Boktimen får merksemd utanbygds, og skulen har trekt vinnarar av Juleles
Leselyst i skule og barnehage
Å vere glad i å lese er ein hjørnestein for ungar vidare i livet, og er difor noko me i skule og barnehage jobbar mykje med. I barnehagen set me fokus på leselyst og høgtlesing m.a. gjennom bibliotek med utlån i garderoben, og med "Boka mi" kvar veke. Skulen hadde no i jula ein kampanje for å lese eller bli lesen for kvar dag ("Juleles"), og i dag trakk me ut nokre av deltakarane som fekk velje nye bøker til klassebiblioteka sine.
5-åringane på nytt skulebesøk
Skulebesøk
I dag var 5-åringane på nytt skulebesøk - her kosar alle seg med mat i lag med "skulehjelparen". Det var så god byggeleik på slutten at me måtte forlenge besøket litt.
Gje leiken attende til barna!
Leik i barnehagen
Leiken er barna sin hovudaktivitet både for trivsel og læring. Dette veit me, men me treng likevel ei påminning av og til - til dømes når spørsmålet om måling og veging i barnehagen kjem opp i samfunnsdebatten. Her finn de relevante utdrag frå Rammeplan for barnehagar og ein artikkel om emnet, skriven til nettstaden Barnehageforum av barnehagelærar Heidi Larsen tidlegare i januar.
NISSEN I BARNEHAGEN
JIPPI!!!!!
Gjett kven som sat nede i skogen idag? Heldigvis ville han bli med opp i lavvoen, der me hadde fyrt opp bålet. I sekken hadde han med seg nissepakker til oss......
GOD JUL TIL ALLE SAMAN!!!
Tysdag 3.12 kl 9.00
Bilete frå "Farvel til lyset"
Elevane stilte opp med lyktene sine (alle lagar si eiga lykt i 1.klasse) og song lyssongar. Turen gjekk bort til barnehagen, der ungane hadde flokka seg i glaset for å sjå og høyre. Tilbake på skulen var det peparkaker og klementiner, og me song resten av songane me øver på til juletrefesten. Det har vorte tradisjon at når soli forsvinn (rundt 1.12), så markerer me dagen med lys og songar, og oppfordrar alle til å "lyse for kvarandre" i mørketida.
Hugs påmelding til
NISSEFEST for barnehagen/sfo
Alle må levere påmelding innan 28.nov til barnehagen. Heng konvolutt på oppslagstavla i garderoben til å putte svarslippen oppi.
Faste aktivitetar kvar dag
Dagsplan i barnehagen
Dagsrytmen i Jostedal barnehage med forklaring av mål og innhald.
I oktober kom 8 glade 5-åringar til oss i småskulen
Fyrste skulebesøk i år
Rim og regler, songar, skrivedans og leik stod på programmet. Vi var ute i friminuttet i lag og kosa oss med niste.