A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

VEKE 2

Endeleg vart isen trygg, og me på SFO har vore der kvar dag untatt fredag. På isen har det vore mykje flott leik, og ungane storkosar seg der.

Varmmat denne veka vart pølse med brød pluss kakao. Dette vart servert ute på onsdag, før me gjekk på isen. Pasta og kjøttsaus, som stod på planen, vil me lage ein annan gong.

Fredag avslutta me roleg, der alle saman såg på film i lag........ og åt pepperkaker.

GOD HELG.

2016-01-15

SFO-plass 2016/17 og skuletider

Søknadsfrist for SFO-plass for skuleåret 2016/17 er 1. februar.

De finn meir info ved å trykke på les meir.

 

 

 

 

 

 

2016-01-20

VEKE 1

GODT NYTTÅR ALLE SAMAN !!

Fyrste veka i 2016 er allereie over på SFO, og me har hatt ei variert og fin veke. Sjølv om det er kaldt ute har me vore litt ute kvar dag. Det gjer godt å få lufta seg litt etter ein skuledag.

Denne veka var det betasuppe med mykje grønsaker og pølser som stod på menyen. Dei aller fleste ungane er veldig glad i dette :-)

Neste veke kjem me til å ha litt aktivitetar på isen. Dei som har skøyter kan godt ta dei med seg. Det er viktig at ungane har gode utekle no når det er så kaldt. Gode vottar/bytevotter kan òg vere lurt.

GOD HELG

2016-01-08

VEKENE FRAM MOT JUL

Her kjem omsider ein liten oppsummering av dei siste vekene på SFO.

Me har hatt nokre travle veker, med mykje aktivitetar. Her har det vore alt i frå å samla pinnar til å spikke til grillspyd, me har baka både peparkaker og kakemenn, me øvde på bli med dansen, og øvde på song til foreldrekaffien. Me har òg laga mykje fint på SFO i haust, og ein del av det fekk de sjå på foreldrekaffien.

Me har laga mykje ulik mat i haust/vinter. Me har hatt alt i frå fiskepålegg, pølse m/brød, ostesmørbrød, graut, tomatsuppe og i morgon (onsdag 16/12) serverer me taco.

Desember månaden tykkjer me som er på SFO skal være prega av kos, hemmelegheiter, meir julekos og tradisjonar.Nissefesten vår var kjempeflott også i år, og me tenkjer at det er noko me godt kan lage ein tradisjon på.  Me har i år valgt ein adventskalendar der me pyntar eit juletre med ei ny kule kvar dag. No byrjar treet å bli fint med mange fine små julekuler. Me les også gamle nissehistoriar kvar dag under maten, noko me tykkjer er veldig kjekt.

Sidan det er mykje som skjer inne på SFO akkurat no før jul så har me vore litt mindre ute. Me håpar at de har forståing for det, sånn at me får gjort ferdig hemmelegheitane våre.

 

2015-12-15

VEKE 45

Måndags ettermiddagen brukte me på å få laga plakatar til kvar gruppe. Kvart bord er ei gruppe, og dei har laga sitt eige namn på denne. Dei har teikna og skrive gruppenamnet på eit stort ark. Dette skal laminerast og liggje på kvart bord.

På onsdag vart da, som ei overrasking, graut til mat. Godt motteke og graut smakar jo alltid godt. På fredag hadde me godt pålegg som fredagskos.

Mykje uteleik denne veka og, men litt inneleik har det også blitt. Me jobbar mykje med innestemma under leik for lydnivået inne på SFO er for høgt.

Minner om foreldrekaffi neste onsdag (18/11). Det vert IKKJE høve til å ta med syskjen eller andre familemedlemmar. Denne gongen vert det kun for føresette.

2015-11-09

BILETER PÅ SFO

Me har no fått oss nettbrett på SFO. Det er hengt opp rett innafor døra vår, og vil bli brukt til å syne bileter frå sfo-kvardagen vår. Me tek bilder jamt og trutt, og det vil komme oppdateringar ca ein gong i mnd. Ta ein titt når du har tid. Kanskje er det eit blinkskot av nettopp din unge.

Me vel å ha bileta kun på nettbrettet, og legg difor ikkje ut bileter på nettsida.

 

2015-10-30

VEKE 44

Måndag ettermiddag baka me grove skones som me hadde til mat på tysdagen. Kvart bord/gruppe laga sine eigne skones, så det var litt stas å ete sitt eige bakverk på tysdag. Me hadde òg "kreativ fargelegging". Me har kjøpt inn nokre bøker med "kreativ fargelegging for born" som me kjem til å ta litt i bruk etter kvar som me blir meir inne.

Det har vore ei fin veke for uteleik denne veka, og onsdagen var me nede på raudebana. Der er det noke å finne på for alle. Fotball, leik i sanden, klatre i trær plus mykje anna.

I dag (fredag) vart det mange skumle ansikt på SFO. Tre jenter frå 8.klasse har "øvd" seg på ansiktsmåling.. Kjempekjekt for SFO,en vår å få besøk, og neste fredag kjem det tre nye jenter frå same klasse som òg vil "øve" seg litt.

GOD HELG

2015-10-30

VEKE 42 og 43

Dei to første vekene etter haustferien er over, og me har gjort mykje forskjellig.

Fyrste veka hadde me grønsaksuppe til mat om tirsdagen. Grønsakene til suppa var ungane sjølv med å kutta på måndagen, og nesten alle åt suppa om tirsdagen. I veke 43 hadde me ikkje varmmat, men måndagen hadde me turdag, og me smurde niste og tok med oss oss på tur. Når ungane som var på bading kom halv tre fekk dei og smørje seg niste og ete ute. Fredag i veke 43 lagde me potekaker igjen. Nesten alle ungane på SFO likar potekaker. Me tykjer det er kjekt at tradisjonsbakst holdast ved like.

Dersom nokre foreldre/føresette/besteforeldre er flinke med lefsebaking tek me gjerne imot besøk på SFO. Det hadde vore kjekt med eit par bakstedagar. Sei i frå til personalet på SFO dersom de vil bidre, eller om de veit om nokon som kanskje kan spørjast.

Me har leika mykje på SFO, både inne og ute. Jordhaugen på framsida av skulen har vore veldig populær, men den vil vere stengd når det er blaut ute.  Inne jobbar me med lydnivået. Det blir fort mykje høg lyd, så her må me nok øve oss mykje på å bruke innelyd.

HUGS PÅ Å HA GODE UTEKLE PÅ SKULEN/SFO.

 

2015-10-27
Palsbelønning

VEKE 40

Ei veke med mykje aktivitetar på SFO er over. Denne veka har det blitt mykje mat i fokus.

Måndag hadde me palsbelønning med kake og is. Sidan det var fint ver serverte me det ute.Før palsbelønninga hadde me aktivitetar. Denne gongen var det ulike ringleikar som var tema. Tysdag hadde me fiskebollar i kvit saus med pote og raspa gulrøtter til. Nokre tykte det var supergodt medan andre meinte at det ikkje var slek so mamman laga det, men dei aller fleste åt så me er fornøyd med det :)

Onsdagen var det innedag på SFO. Sidan me hadde mykje kokte poteter att frå måndagen ville me prøve å lage potekaker. Dette klarte me fint, så neste gong me lagar potekaker vil me ha ungane med å lage. Denne gongen vart det "berre" prøvesmaking på borna. POPULÆRT.

Torsdag og fredag vart òg innedagar på SFO. Torsdag delte me ungane opp i fire ulike gruppe. Ungane fekk velgje sjølv kva for ei gruppe dei ville vere på. Ulike aktivitetar på borda.

Fredag avslutta me med å ha lappar som fredagskos. Eg trur kanskje ungane ville hatt fredag kvar dag på SFO.

Me ynskjer alle ein flott haustferie.

KLIKK PÅ "LES MEIR". dER FINN DE MANGE BILETER FRÅ VEKE 40.

2015-10-02

VEKE 39

Vekene flyg avgarde, og me er ferdig med nok ei sfo-veke. På aktivitetsdagen reiste alle ned på bana etter mat. Der hadde me mange forskjellige leikar, men ikkje fotball. Det er kjekt å få leike litt andre ting på bana enn fotball, og det synte godt att i leiken.

På aktivitetsdagen hadde me ostesmørbrød til varmmat, og ungane ete generelt veldig godt på SFO.

Resten av veka har me vore mykje ute og hatt frileik, nokre av ungane har òg vore på bana og spelt fotball. Fredag starta me med haustbileta våre. Me satsar på at me skal få hengt opp bileta slek at alle får moglegheit til å sjå kva me drive med.

Merk: Det kan verte endringar på månadsplanen vår når det gjeld varmmat osv. Me vil då endre på dette på den store månadsplanen som heng utanfor SFO. Under den store månadsplanen heng det ei mappe med månadsplanar. Ta ein med deg heim dersom du ynskjer det.

GOD HELG

2015-09-25
Powered by CustomPublish AS