A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

bilde (2)

veke 48 og 49

To veker med mykje juleaktivitetar. Her går det i filting, måling på kruser, klypping, liming og bretting. Mykje fint som vert laga, så gled dykk til jul.

Inne på SFO har me måla eit tre i glaset og pynta det med 24 hjerter og julekuler, dette brukar me som adventskalendar.  Ein unge vert trekt ut for å plukke ned eit hjerte eller ei julekule kvar dag. Dette gjer me nå me et frukt/mat.

Dei to siste fredagane har me fått servert tomatsuppe og kjøttbollar med potetstappe.

 

 

 

 

2014-12-09

JULEFERIE.

No er det sendt heim påmeldingskjema for SFO i juleferien, hugs fristen fredag 5. desember.

2014-11-25

VEKE 47

Måndag var alle ute på ettermiddagen, det var frileik etter frukt. Ellers har me vore inne denne veka, dei som har vilja har fått vera ute.

No går det mykje i juleaktivitetar, dette er for dei som har lyst, det er ingen som MÅ lage julepynt.

Torsdagar framøver skal me ha med oss Fadumo frå Somalia, ho skal vere  på skulen og på SFO i språkpraksis.

Avslutta ein fin men travel veke med spagetti til varmmat.

2014-11-25

VEKE 46

Denne veka avslutta me med heimelaga pizza, som alltid fell i smak av dei fleste.

Me har starta med litt juleaktivitetar, so nå vert det nok litt hemmligheitar på SFO framover.

Har vore ein del inne, men dei som har villa har fått vore ute å leika. Mykje sjakkspeling blandt gutane.

2014-11-18

DIGITAL FOTORAMME

Det er komen nye bileter på den digitale fotoramma på SFO. Bileter frå skulestart og fram til no, og ein del bileter frå haustferien. Håpar de har stunder til å kika på bileta.

2014-11-11
sfo haust 14 067

VEKE 45

Då var enda ei veke gått. Litt ute og litt inne på SFO denne veka.

Onsdag hadde me ungdomskuleelevar på besøk.

Etter mat delte me i to grupper og hadde felles leik ute. Begge gruppene leika "mordar og dektektiv", ein leik som er blitt veldig populær. Det var litt kaldt ute og nokon fraus, så alle må passe på å ha med seg varme og rikeleg med klede.

Fredag fekk me servert heimelaga potetstappe, fiskepinnar og raspa gulrot. Avslutta veka med felles leikar i Aulaen, "maurleiken" og "haien kjem" og fri dans.

 

2014-11-11

VEKE 44

Onsdag, torrsdag og fredag hadde me med oss tre 10. klasse elevar, Mats, Ida og Angelica. Kjempekjekt med besøk:-)

Torsdag gjekk me i banken å leverte teikningane me hadde laga til sparebankveka, dei som var med bort fekk kvar sin refleks.

Fredag hadde me betasuppe og flatbrød til varmmat.

Me har vore mykje inne denne veka og, men dei som ynskjer har fått vore ute å leika.

2014-11-04
uten navn

VEKE 43

Fredag fekk de kansje høyre heime at det ikkje vart varmmat på SFO. Planen var å ha graut, men det gjekk ikkje slik. Å koke graut i dårlege panner går ikkje alltid lika bra. Mange vart nok ganske skuffa då me måtte kaste all grauten og dei fekk servert frukt i staden. Men som litt trøst fekk dei som ville gå i aulaen å sjå Donald Duck film. Som vart ein fin avslutting på veka.

Onsdag hadde me med oss to jenter frå ungdomskulen, alltid kjekt å få besøk på SFO.

Ruske ver har gjort at me har vore ein del inne, me ser at når ungane kjem på SFO på ettermiddagen har dei lite med tørre klede, både inne og ute klede. Fint om dei som er på SFO kan ha ekstra byteklede med seg.

Me fekk spørsmål om me vil vera med på å teikna til å pynta opp i i banken til sparebankveka, dei som har hatt lyst har gjort dettte. Så då me de ta dykk ein tur i banken å kika på dei flotte vinterteikningane som er verte laga.

 

2014-10-28
20141008_122338

VEKE 42

Då var endå ei veke over, bra ver har gjort at me har vore mykje ute på SFO. Nokre ungar har veldi lyst å vere inne å leike istaden, men me ynskjer å vere ute så lenge veret tillet det. Det har gått mykje i fotballsparking, leik i jungelparken og teikning.

I haustferien vart det måla ein trestamme på glaset inne på SFO, dette har me tenkt å fylla med haustblader. Det er allereide komne nokre blader.

Denne veka har me hatt med oss Janne Melheim på leksehjelp og SFO denne veke, ho går barne og ungdomsarbeidar. Både voksne og ungar synst det er kjekt å ha ho på besøk. Ho vert med oss neste veke og.

Torsdag var det fysisk aktivitet i aulaen, då øvde me på "Bli med" dansen.

 Avslutta veka med tomatsuppe, makaroni og grove scones, og inneleik:)

2014-10-21
20141008_122338

HAUSTFERIE

Det var ikkje så mange ungar påmeldt denne veka, pluss at det var nokon som meldte avbud. Men me som var på SFO kosa oss både inne og ute på tur.

Måndag vart det tur til Grindane, her åt me nista vår og leika. innom leikeplassen på Bruflat på tilbakevegen. Innleik og fruktspyd på ettermiddagen.

Tysdag var det tur rundt Sandvikfelte med stopp på begge leikeplassane, og ein runde forbi Hanaskjære og Gardavegen. Avslutta dagen med eplekake som vart laga på morgonen.

Onsdag vart det tur til Judassvingen med niste og varm kakao i sekke. Avslutta dagen med dans og stolleik i aulaen.

Torsdag var det innedag heile dagen. Laga deig på morgonen og baka rundstykke som var til lunsj, med varm kakao til. Det som var til overs av bakeverk fekk ungane med seg heim.

Fredag gjekk turen til Engjadalen med bil. Herifrå vart det tur til Brunstegen -Sjåheim og mot Bergene. Åt lunsj på hytta til Gunn J. Spel og fri leik på slutten før det var retur til SFO og helg.  

2014-10-21
Powered by CustomPublish AS