Råd og utval
SU/SMU
Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld SU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)
Samarbeidsutval (SU):
- Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skulen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.
- Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.
Medlemmer av Samarbeidsutvalet 2019-20:
- Representantar frå FAU: Christianne Kvam og Ann Kristin Sperle
- Representantar frå Elevrådet: Stina Bukve Gunnestad og Jan Daniel Olsen
- Representantar frå undervisingspersonalet: Anne Perlaug Fossøy og Ragnhild Stangeland (Nøkkelperson Olweus)
- Representant frå øvrige tilsette: Berit Lad (SFO)
- Representant frå kommunestyret: Gunn Beate Thorsnes Lefdal, vara:
- Ekstra representantar i skulemiljøutvalet: Camilla Therese Leirdal (FAU) og Johanne Fristad (Elevrådet)
FAU
Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld FAU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)
- På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.
- Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.
- Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.
Foreldregruppa i kvar klasse vel ein klassekontakt og ein vara for denne. Desse to er tillitsvalde foreldre i klassen og har som oppgåve å vere felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. FAU ved Gaupne skule består av alle klassekontaktene frå 1. - 7. klasse. FAU møtes fleire gonger i løpet av skuleåret for å jobbe med saker som vedkjem samarbeidet mellom heim/ skule og andre saker som kan betre situasjonen for borna våre. FAU vel eit styre. Frå dette styret møter leiar og nestleiar i samarbeidsutvalget (SU) for Gaupne skule.
FAU skuleåret 2019-2020:
- Leiar:
Ann Kristin Sperle, klassekontakt 5. klasse - Nestleiar:
Christianne Kvam, klassekontakt 4. klasse - Skrivar:
Anne Grethe Leirdal, klassekontakt 3. klasse - Kasserar:
Randi Aarøy, klassekontakt 7. klasse - Medlemer:
Camilla Therese Leirdal, klassekontakt 2. klasse
Camilla Steinset Teigen, klassekontakt 1. klasse
Tone Thomassen, klassekontakt 6. klasse
Arbeidsoppgåvene for FAU dette skuleåret vert i hovudsak å arrangere aktivitetar i klassane, samt den praktiske gjennomføringa av jule- og sommarfesten.