7. kl
Med vekt på at varm luft tek større plass og er lettare enn kald luft
Luft og vatn sine eigenskapar
Her ligg eit lite filmklipp:
Halvdag i friidrett
I dag hadde me ei god økt med friidrett saman med 3. klasse. God innsats av elevane, nokre hadde lite kjennskap til friidrett, medan andre hadde førebudd seg med teknikk-trening.
Eit besøk i klassen
Top to top- ein global klima-ekspedisjon
I dag hadde me besøk av ein seglande familie. Dei lever for miljøet, og plukar boss der dei er. Sjå link for meir info:
https://toptotop.org/
På 1 minutt med bossplukking rundt kunstgrasbana fann me til saman ein bærepose full i søppel. Her må "gåpningane" ta seg sjølv i nakken.
Fruktplukking og eksperiment med lufttrykk
På ein hærleg onsdag-regndag fekk me plukke 160 kg pærer og plommer, som no er vorte til syltetøy.
Torsdag fekk og elevane lære om at varm luft utvidar seg og kald luft trekk seg saman.
Dette påverkar lufttrykket, og me påviste dette ved å få eit kokt egg inn ein trang kolbe.
Eksperiment med å lage CO2-gass som flammekvelar
Naturfag 05.09.19
Her er bilete frå sløyd og video om pussing. De ser og korleis me laga/påviste CO2 gass i eksperiementet i naturfag.
Kjemisk reaksjon-eksperiment med 4. klasse 22.08.19
Det var god stemning under påvising av CO2-gass i dag. Engasjerte elevar fekk bruke ulike læringsstilar, både hender, øyrer, auger, nase, ja heile kroppen under forsøket i dag. Me skreiv om kva kjemi er og kva me lærte i dag. Her er tre videoar:
Velkomen til nytt skuleår!
Gunn Bente, Kjersti, Marita og Tomas ønskjer 2010-kullet velkomen til skulestart måndag kl. 0900. Starten vert i aulaen.