A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
20141008_122338

HAUSTFERIE

Det var ikkje så mange ungar påmeldt denne veka, pluss at det var nokon som meldte avbud. Men me som var på SFO kosa oss både inne og ute på tur.

Måndag vart det tur til Grindane, her åt me nista vår og leika. innom leikeplassen på Bruflat på tilbakevegen. Innleik og fruktspyd på ettermiddagen.

Tysdag var det tur rundt Sandvikfelte med stopp på begge leikeplassane, og ein runde forbi Hanaskjære og Gardavegen. Avslutta dagen med eplekake som vart laga på morgonen.

Onsdag vart det tur til Judassvingen med niste og varm kakao i sekke. Avslutta dagen med dans og stolleik i aulaen.

Torsdag var det innedag heile dagen. Laga deig på morgonen og baka rundstykke som var til lunsj, med varm kakao til. Det som var til overs av bakeverk fekk ungane med seg heim.

Fredag gjekk turen til Engjadalen med bil. Herifrå vart det tur til Brunstegen -Sjåheim og mot Bergene. Åt lunsj på hytta til Gunn J. Spel og fri leik på slutten før det var retur til SFO og helg.  

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS