A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
20141008_122338

VEKE 42

Då var endå ei veke over, bra ver har gjort at me har vore mykje ute på SFO. Nokre ungar har veldi lyst å vere inne å leike istaden, men me ynskjer å vere ute så lenge veret tillet det. Det har gått mykje i fotballsparking, leik i jungelparken og teikning.

I haustferien vart det måla ein trestamme på glaset inne på SFO, dette har me tenkt å fylla med haustblader. Det er allereide komne nokre blader.

Denne veka har me hatt med oss Janne Melheim på leksehjelp og SFO denne veke, ho går barne og ungdomsarbeidar. Både voksne og ungar synst det er kjekt å ha ho på besøk. Ho vert med oss neste veke og.

Torsdag var det fysisk aktivitet i aulaen, då øvde me på "Bli med" dansen.

 Avslutta veka med tomatsuppe, makaroni og grove scones, og inneleik:)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS