3. kl
Oppmoding frå helsesyster
Alle føresette vert med dette oppmoda om å jakte på uønska venner vi kan ha erverva oss i løpet av sommaren.
Vennskap
I samband med fokuset på det å vere ein venn har heile skulen gått saman om å lage eit vennskapshjarte som heng i gangen vår. Her er det masse flotte dikt om vennskap! Ta ein titt innom og les!

Endeleg vår på uteskulen
I dag har det vore full aktvitet på uteskulen. Endeleg var snøen vekke, og me kjende også at sola varma. I myra var det mykje liv, og dagen i dag skulle brukast til å finne ut kva som rører seg i myra no om våren.

Ski på skulen
Heilt sidan jul har alle elevane våre hatt skiaktivitetar på skulen minst to timar for veka. I 1.-4.klasse har dette vore uteskulen vår. Og no i desse VM tider så måtte me sjølvsagt ha stafett.

Ski i skulen
Alle elevane på Indre Hafslo oppvekstsenter er på ski kvar veke. Me er så heldige å ha skiløyper rett utanfor døra, og dei må me sjølvsagt bruke. I tillegg så er det fine løyper på Vindamyrane, og me set svært stor pris på at me har snille naboar som let oss få bruke desse. I dag var det 1.-4.klasse som hadde sin utedag og alle kosa seg både med skigåing, mat og drikke.