A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
004

Endeleg vår på uteskulen

I dag har det vore full aktvitet på uteskulen. Endeleg var snøen vekke, og me kjende også at sola varma. I myra var det mykje liv, og dagen i dag skulle brukast til å finne ut kva som rører seg i myra no om våren.

 

Me såg i alle fall utruleg mykje mygg larvar. I tillegg til det fann me noko slimete med svarte prikkar. Dette skal seinare bli rumpetroll og froskar. No blir det spennande å sjå kva som har skjedd neste gong me kjem på uteskulen. Er rumpetrolla då klekte eller må me vente enno ei veke? I myra var det også mykje "pinnedyr", og det var spennande å sjå korleis dyra bevege seg med pinnar rundt kroppen sin. Litt edderkoppar og biller var det også der. Så dette var ein dag der me verkeleg fekk sjå at naturen no er begynt å vakna til liv att. Vil de sjå bilete frå uteskulen i dag så kan de sjå under bilete til 2.klasse.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS