A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Skisyting

Ski på skulen

Heilt sidan jul har alle elevane våre hatt skiaktivitetar på skulen minst to timar for veka. I 1.-4.klasse har dette vore uteskulen vår. Og no i desse VM tider så måtte me sjølvsagt ha stafett.

Sist fredag var det vanleg stafett, men i dag var det duka for skiskyttar stafett. Mix stafetten bestod av 4 lag som skulle kjempe om å gå fort på ski og skyte med piler på ballongar. Dersom du fekk bom måtte du ta ein runde i strafferunde løypa. Og for ein innsats av alle!  Det var ingen sure miner sjølv om ein kom på 1. eller 4.plass. Det me ser er at alle elevane våre har hatt stor utvkling når det gjeld skigåing på desse vekene. Og so er det spennande å sjå om snøen blir liggjande slik at me kan gå på ski nokre veker til. Vil du sjå bilete frå ski på skulen så kan du sjå under bileta til 4.klasse.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS