2. kl
Velkommen til nytt barnehage- og skuleår
Måndag 19.august kl.9.00 ynskjer me velkommen til nytt skuleår. SFO har vanleg oppstart kl.07.30. Barnehagen har alt starta opp så dei er godt i gang med eit nytt barnehageår. Så velkommen til nye og gamle born/elevar, føresette og tilsette både i barehagen og på skulen.
God sommar
Med bilete av denne flotte gjengen vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ein god sommar.
Velkommen til sommarfest
Tysdag 18.juni kl. 18.00 -19.30 inviterar me til sommarfest for heile oppvekstsenteret. Det blir litt underhaldning i gym salen. Her blir det markering for dei som går siste året i barnehagen og for dei som går i 7.klasse. Etterpå blir det servering av kaffi, saft og kaker. Så velkommen til ei triveleg stund på oppvekstsenteret.
Velkommen til bygdakafè
Tysdag den 19.mars kl. 11.00-13.00 inviterar me alle til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter.
Det blir sal av kaker, kaffi og saft. FAU vil også ha loddsal.
Barnehagen og 1.-4.klasse vil stå for underhaldninga denne dagen.
Så velkommen til ei koseleg stund på Indre Hafslo.
Tradisjonell juletrefest
I kveld var mykje folk samla til tradisjonell juletrefest på Indre Hafslo. Elevane hadde øvd inn spelet "Nisse på ville vegar". Det var mykje tekst å øve på, og elevane var kjempeflinke. Her fekk me høyre om Nisse som slo seg i hovudet og ikkje visste kven han var eller kvar han høyrde heime. Me fekk oppleva troll som dansa, kattar og tre som kunne snakka og dyr som leika i skogen. På sjølvaste julafta fann Nisse endeleg ut kven han var, og han kom heim til Nissefar, Nissemor, Truls og Nille. Me fekk sjå mange gode skuespelarprestasjonar, og mykje flott song.
Juleverkstad
I dag var det tid for den tradisjonelle juleverkstaden på Indre Hafslo.Og mange foreldre, besteforeldre og oldeforeldre hadde møtte opp for å hjelpa oss. Heile dagen har me laga julekransar, jobba med filt, småsløyd og baka. Klokka 13.30 samla me oss til Lucia samling i gym salen. 3. og 4.klasse hadde ansvar for samlinga, og i tillegg til Lucia-opptog så sang dei også nokre svenske julesongar. Etterpå var det tid for å smake på baksten, og me avslutta samlinga med allsong. Ein koseleg dag er til ende, og me vil takke alle som møtte opp for å hjelpe oss slik at juleverkstaden blir kjekk for både små og store.