A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Klassar

Bilete 1

Velkommen til juletrefest

Tysdag 18.desember kl.18.00 - 20.00 inviterar me til juletrefest på Indre Hafslo oppvekstsenter.

Me skal vise julespelet "Nisse på ville vegar". Etterpå blir det servering av kaffi og kaker. Det blir også gang rundt juletreet og kanskje kjem nissen. 

Inngangspengar.

Så velkommen til ei koseleg førsjulsstund på Indre Hafslo.

2018-12-13
Tur på gamle vega

God sommar

"Når jordbæra mognast oppe i ur, og hamna gjev mat til blakken.

Når apalen lyser kvit som ei brur og solauga stikk i nakken, 

då bukkar vi fint for læraren vår og seier farvel og takk for i år.

Og lukklege me på heimvegen går, no får me ein pust i bakken"

Me desse linjene frå den gamle sommarsongen, og bilete frå den fine turen vår frå Oklevik til Årøy i går, vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ein god sommar.

2018-06-22
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Torsdag den 12.april kl.11.00 til 13.00 inviterar me til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi, kaker og saft. Barnehagen vil underhalde. 1. til 4.klasse har i mange veker øvd på ulike dansar, og desse vil dei også visa på kafèen. Så velkommen til ei koseleg stund  på Indre Hafslo oppvekstsenter.

2018-04-05
påskelunsj 1

God påske

Me bilete frå eit flott påskelunsjbord vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ei god påske!

2018-03-26

Markering av verdens Downs syndrom dag

Onsdag den 21.mars ynskjer me å markere verdens Downs syndrom dag. For å markere dagen og syne at me alle er ulike så håpar me at, både barn og vaksne, denne dagen tek på seg ulike sokkar. 

Den første Downs syndrom dagen vart halden den 21.mars 2006. Datoen peikar på kromosonpar 21 som ved Downs syndrom har eit ekstra tillegg. Over heile verda blir dagen nytta til feiring og opplysning.

2018-03-19
IMG_3899

OL dag

I dag har me hatt ein flott OL dag på Indre Hafslo oppvekstsenter. OL elden vart tent presis kl. 10.00 og sjølvsagt måtte me danse OL-floka.

Etterpå var me delt i grupper der me hadde aking, hopp, portkøyring, flaskerenn og skiskyting. Kl. 11.30 samla me oss på uteskulen der det var matpause og grilling. 

Etter mat var det nye aktivitetar på alle, og kl. 14.00 samla me oss til offisiell premieutdeling. 

2018-02-27
skidag 6

God vinterferie

Med dette bilete frå skidagen vår på Heggmyrane vil me ynskje alle ein fin vinterferie.

Takk til Sogn skisenter som kvart år tek i mot oss til den årlege skidagen. Det set me stor pris på.

Vil de sjå fleire bilete frå skidage så sjå under bileta til 1.klasse.

2018-02-18
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Fredag den 2.februar kl. 11.00 til 13.00 er alle velkomne til  bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter.

Det blir sal av kaffi, kaker og saft.

Barnehagen og 1.-4.klasse vil underhalde.

Så ta med familie, venner eller naboen til ei koseleg stund på oppvekstsenteret.

Helsing 5,.6. og 7.klasse.

2018-01-26
haust

Velkommen til bygdakafè

Tysdag den 3.oktober kl. 11.00-13.00 er det bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter.

Det vert sal av kaffi, kaker og sveler.  Underhaldning av elevane i 1.-4.klasse. Så ta føremiddagskaffien i koseleg samvær med andre bygdefolk.

Mvh 5.-7.klasse

2017-10-02
kaffikopp

Velkommen til valkafè

Måndag den 11.september frå kl. 11.00 ynskjer me velkommen til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Så vil du ha ein hyggeleg prat over ein kopp kaffi så er Indre Hafslo oppvekstsenter staden. Det er 7.klasse som lagar til kafè denne dagen. 

2017-09-08
Powered by CustomPublish AS