A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

Presisering vedr SFO

Vedrørande SFO.

Ytterdørar til garderobar for 3.-4. klasse vert låst ca kl 16.00. SFO-borna frå dei klassane tek då med seg kle, sko og utstyr som skal heim inn på SFO. Dette pga av at det er kun ein vaksen på SFO frå kl 16.00 - 16.30.

Me vonar alle syner forståing for dette.

 

Kjell

2014-12-10

VEKE 49

No skjer da mykje spennande på SFO. Me lagar julegåver, julepynt, juleteikningar, juleperling. Me syng julesongar, og me KOSAR oss på både morgon og ettermiddagar. Så er det veldig spennande med kalendaren vår. Her har me gjetteleik kva dag på kvem som får pakke. Me har små overraskingar i pakkane, og jammen er det somme som finn ein ekstra lappe inne posen sin òg.

Me hadde ikkje varmmat denne veka, men me kjøpte inn masse godt pålegg, og me lagde kakao.

Litt ute, men mest inne denne veka.

2014-12-08

VEKE 46

Nok ei veke blir til helg, og sfo,en vår har hatt ei kjekk veke med ulike aktivitetar. Me maler, teiknar og perler. Nokre av borna vevar, medan andre fingerstrikker eller heklar. Det meste me lagar no har me ein plan på, men kan ikkje skrive alt her. Vekene fram mot Jul spring fort, og som me alle veit, lyt det vere litt hemmelegheiter framover.

Onsdagane er fast RØRIS dag, og me er veldig imponert over borna sin innsats. Me ser no at dei kan mykje av programmet, og at det derfor er lettare for dei fleste å henge på. Kjekt for både liten og stor.

Varmmat denne veka hadde me på tysdag. Då serverte me fiskeburgarar med salat. Veldig populært med burger sjølv om det er fisk inni. Tommel opp for alle fiskespisande borna våre. Fredag hadde me kakao attmed brødmaten vår.

Ønsker alle ei god helg. Bruk den godt.

2014-11-14

VEKE 45

Vekene flyg fort, og veke 45 er nesten omme.

Denne veka har me vore noke ute, men mest inne. Me har hatt ein god del frileik, men også nokon styrte aktivitetar. Me har hatt spelegrupper, og ulike aktivitetsgrupper rundt borda. RØRIS hadde me på onsdag, og me er imponerte over ungane og innsatsen deira.

Varmmat denne veka var tomatsuppe på onsdag. Alle ungane åt veldig godt, så tomatsuppe er nok ein favoritt hos dei.

HUGS GODE UTEKLE OG BYTEKLE :-)

Me på SFO ynskjer alle ei flott helg :-)

2014-11-07

VEKE 44

Nok ei veke er over på sfo. Me var inne fyrste delen av veka, men onsdag tok me ein tur ut etter at me var ferdige med mat og RØRIS. Me har kjempeflinke ungar som fylgjer godt med, og deltar aktivt på Røris-opplegget. Tommel opp for alle :-). Torsdag gjekk me ut etter mat, og me hadde PALS-belønninga. Ungane på sfo har sjølv valgt ut ulike pals-belønningar som dei trekker.Belønninga denne gongen blei fellesleik ute pluss frukt. Me blei einige om "boksen går". Frukt blei servert ute etter at leiken var avslutta, og frileik resten av ettermiddagen.

Varmmat denne veka blir pølse i brød. Me skulle ha tent bålpanna fredag, men regnet kom før sfo starta, så då vart det mat inne. Me tenner bålpanna ein fin utedag.

Me på SFO ynskjer alle ei god helg :-)

 

 

2014-10-31

VEKE 43

Tiden flyg fort, og no er det ikkje lenge før me må byrje å tenkje på juleforberedingar. Denne veka har me vore inne på sfo. Ungane tykjer det er veldig kjekt å endeleg få bruke inne-sfoen litt meir, og det har vore mykje fin leik. Alle borna har no laga haustbilete av kvistar og lauv. Mange flotte kunstverk heng no på sfo, så ta dykk ein tur innom for å sjå.

Torsdag var mange av borna kokkar på sfo. Dei kutta grønnsaker som skulle brukast til grønnsaksuppa på fredag. Ei stor panne med suppe blir fort tom når me har ungar som er glad i maten som blir laga. Flott å sjå at så mange born er flinke å få i seg grønsaker :-)

Me har jobba mykje med korleis me sit og oppfører oss under måltida på sfo, noko me ser gode resultat på no. Me har no fått det stilt og roleg under måltida, og tykjer borna er kjempeflinke.

GOD HELG :-)

2014-10-24

VEKE 42

Fyrste veke etter haustferien er allerede omme, og me har hatt eit flott haustver denne veka.Siste dagen før haustferien blei det plukka inn mykje lauv og kvistar som har lege til turk. Me starta med å laga haustbilete av dette på måndagen, men har valgt å utsetje resten til veke 43 sidan det då er meldt litt ruske ver. Det høver betre å kose seg inne med kunstnarprosjekta då. Me har nytta mykje av tida denne veka til å vere ute i sola, og slåball, kanonball og fotball er "poppis".

Varmmat denne veka var pølse og potestappe.... nam, nam :-)

Det byrjar å bli kald ute, og det er derfor viktig at ungane har gode, varme kle til utebruk i garderoben. Ta ein titt i garderoben innimellom.

GOD HELG FRÅ SFO :-)

2014-10-17

VEKE 39 og 40

Me har vore mykje ute dei to siste vekene, men og litt inne. Haustbileta våre er stort sett ferdige, og me har fått mykje fine kunstverk på sfo.

I veke 39 hadde me fiskeburgarar til mat, og det var veldig populært. Veke 40 vart det servert ostesmørbrød.

Etter haustferien vil me starte opp med RØRIS. Me prøver å få det til kvar onsdag. Røris er rørsle til musikk, og veldig kjekt både for liten og stor. her blir me heite alle mann.

Sfo ynskjer alle ein flott haustferie, bruk den godt, og nyt den.

2014-10-02
2014-09-18 14

Litt om kva me har gjort på sidan oppstart

Me er no godt i gang med kvardagen på sfo. Dei par fyrste par vekene var 1.klassingane inne ei stund etter mat for å bli kjend med inne-området vårt. Alle fekk sitte der dei ville heilt i starten, men no har dei fått faste plassar.

Flott haustver betyr masse uteleik. Me har har hatt frileik, og teikning ute, men denne veka starta me opp med "tema haust". Me har tatt ut nokre staffeli og satt opp som borna får male haustbilete på. Dei lyt sjå seg om i nærområdet om dei ser nokre teikn på at det byrjar å bli haust, og skal måle noke av det dei ser. Eg trur me får mange flotte måleri å pynte opp med inne på sfo,en.

Me har hatt litt forskjellig varmmat dei fyrste vekene, kan nemne: pølse og potestappe, tomatsuppe, havregrynsgraut, ostesmørbrød og taco.

Me minner om at det er viktig med gode utekle, og gjerne eit sett bytekle i garderoben. Trykk på overskrifta og du får fram nokre bilde.


 

2014-09-26

SFO-telefonen

Telefonnummeret til SFO er 90809228

2014-09-04
Powered by CustomPublish AS