Litt om kva me har gjort på sidan oppstart
Me er no godt i gang med kvardagen på sfo. Dei par fyrste par vekene var 1.klassingane inne ei stund etter mat for å bli kjend med inne-området vårt. Alle fekk sitte der dei ville heilt i starten, men no har dei fått faste plassar.
Flott haustver betyr masse uteleik. Me har har hatt frileik, og teikning ute, men denne veka starta me opp med "tema haust". Me har tatt ut nokre staffeli og satt opp som borna får male haustbilete på. Dei lyt sjå seg om i nærområdet om dei ser nokre teikn på at det byrjar å bli haust, og skal måle noke av det dei ser. Eg trur me får mange flotte måleri å pynte opp med inne på sfo,en.
Me har hatt litt forskjellig varmmat dei fyrste vekene, kan nemne: pølse og potestappe, tomatsuppe, havregrynsgraut, ostesmørbrød og taco.
Me minner om at det er viktig med gode utekle, og gjerne eit sett bytekle i garderoben. Trykk på overskrifta og du får fram nokre bilde.