A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehage

Vekeplan for 18. -22. sept

Me starta med Brannvern, der me skal lage vår eigen brannstasjon og leike at me er brannmenn. Kva gjer me om det brenn, korleis unngå at det byrjar å brenne? Kva gjer me om brannalarmen går? Her har me fokus på samarbeid og det å hjelpe kvarandre. Alle får med seg ei "heimelekse", der barna ilag med foreldra skal svare på nokre enkle oppgåver. I slutten av perioden går me over på Førstehjelp for 3-5 åringane, der dei gjennom eit pedagogisk opplegg frå Røde kors blir kjent med dokka Henry og korleis me kan hjelpe dei som skadar seg.

 

Vekeplan for 18. – 28. sept 2017

Måndag 18.

 

Songstund med Arvid

 

4-5 år: Tema Brannvern

Arvid teiknar med utgangspunkt i tema:brannvern

 

1-2-3 år: Uteleik på føremiddag

 

Tysdag 19.

 

Tema: Brannvern

 

Alle i grupper:

Måle «Brannstasjon» med fargane Raud, Gul og svart.

 

5-år: Klyppe bokstavar til «Brannstasjon»

Fokus på lyden på bokstaven

i ordet.

 

Onsdag 20.

 

Tema: Brannvern

 

Alle i små grupper:

Måle «Brannstasjon» med fargane Raud, Gul og svart.

 

Henge opp og lage til vår eigen Brannstasjon ute på veggen.

Torsdag 21.

 

Tema: Brann

 

Me leikar brannstasjon og får bli med å ta ut brannslangen og teste den.

Fredag 22.

 

Brannøving

 

Kva gjer me i barnehagen om brannalarmen går?

Øve på å gå ut og stille oss opp ved klatrestativet.

Måndag 25.

 

5-år: Skrivedans med Anne k

 

1-4 år: Gymsal i grupper, alle må ha sandalar/joggesko ståande fast i barnehagen.

 

 

 

 

Tysdag 26.

 

Minirøris i grupper

 

Varmmat

 

 

 

Onsdag 27.

 

5 år: Skrivedans med Carla

 

 

Torsdag 28.

 

3-4-5 år: Tema: Fyrstehjelp Bli kjende med bamsen Henry.

 

 

 

 

 

Fredag 29.

 

3-4-5- år: Tema Fyrstehjelp

Brannsår

 

 

 

Brannvern: Denne veka er det den nasjonale brannvernveka over heile landet. Me vil ha særleg fokus på:

  • Lage vår eigen brannstasjon, der me målar og klypper. Denne vil de sjå ute på veggen der knaggane er.

  • Fargane raud, gul og svart

  • Kva gjer ein brannmann?

  • Samarbeide og vise omsyn til kvarandre.

  • Brannøving, der me leikar at me er brannmenn

  • Synge songen «Bæ- bu bæ-bu sangen» - der me lærer nødnummer til brann, politi og ambulanse.

  • Korleis unngå brann? Kva gjer me om det byrjar å brenn? Kva gjer me heime? Kva gjer me i barnehagen?

  • Barnehagen er pålagde å ha brannøving 2 gonger pr barnehageår. Ein på hausten og ein om våren.

  • Opplegget kring brann vil me gjere ufarleg og ikkje skremme dei, men likevel få barna til å skjønna at om det byrjar å brenne er det viktig å seie frå til ein vaksen slik at alle kan komme seg ut.

Skrivedans er eit opplegg for 5-åringane, i samband med førebuing til skulestart. Me øver både konsentrasjon, koordinering auge- hånd og bruke store rørsler på store ark. Kroppskontroll, kryssing av hender, leike t.d. robot og lage rørsler som vulkan, vere ein smidig katt, vere lokomotiv i kombinasjon med musikk. Fysioterapaut Carla er med i nokre økter i løpet av året. Dette er eit opplegg som barna vil kjenne att både på skulebesøk og når dei byrjar på skulen.

Førstehjelp i barnehagen: Gjennom eit pedagogisk læringsopplegg me har fått av Luster røde kors, skal me bli kjent med dokka Henry. Henry er i stor dukke, som er uheldig og skadar seg rett som det er. Her vil borna lett kjenne seg att frå eigen kvardag, og gjennom historiar og plansjar får me vite kva me skal gjere når den uheldige Henry skadar seg. Me vil ha fokus på kva ein skal gjere om nokon er uheldige og skadar seg, vise omsorg og vere eit godt medmenneske . Det er tre viktige moment  som går att: 1:Spørje den som har skada seg  2: Hente ein vaksen 3:Hjelpe

Det er den vaksne som er ansvarlege for kva ein skal gjere om nokon skadar seg, men barna er ofte dei som er tett innpå det som har skjedd. Likevel er det viktig at barn veit kva dei kan gjere.

I samlingstunder vil me lære nye songar om Henry, om skrubbsår, kutt, stikk, å klemme seg, flis, kutt i hovudet, brannsår, naseblod, sette noko fast i halsen eller er bevisstlause. Dette er eit tema me vil bruke fleire veker på.

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS