Barnehage
Vekeplan 11. jan - 22. jan
Her kjem ny plan for to veker framover.
Vekeplan 11.jan – 22.jan
Måndag 11.
Song/teiknestund m/Arvid og Oddbjørg
|
Tysdag 12.
LEIKEDAG Du kan ta med ei leike heimanifrå |
Onsdag 13.
Minirøris/gymsal |
Torsdag 14.
Tema: Dialogisk lesing av boka Den lille larven Aldrimett. |
Fredag 15.
Boka mi: Revehiet: Amund Bjørnehiet: Vebjørn |
Måndag 18.
Brede startar hos oss
Gymsal m/2.kl for Tryggve, Lars Haakon og Milla
|
Tysdag 19.
Tema: Den lille larven Aldrimett |
Onsdag 20.
Feire YLVA 4 ÅR
Bjørnehiet: Aktivitetsbøker, med fokus på firkant |
Torsdag 21.
Tema: Den lille larven Aldrimett |
Fredag 22.
Boka mi: Revehiet: Sofie Bjørnehiet: Milla |
Prosjekt med boka «Den lille larven Aldrimett» skal gå over fleire veker. Me vil bruke dialogisk lesing som metode, der me har plukka ut fokusord å jobbe ekstra med. Fokusorda er: egg – larve – puppe – sommarfugl – svolten – mett. Borna blir delt i grupper, og me les boka og lagar larven i ulike materiale. Fint om de som foreldre kan samtale med barna om boka og kva fokusorda betyr. Kanskje nokon har boka heime?
Boka mi: I og med at me er så stor barnegruppe, deler me oss i to grupper. Kvar fredag har me Boka mi avdelingsvis. Her hjelper foreldra barnet med å finne ei bok heime som dei tek med til samlingen. Barnet er med å viser og fortel om kva boka omhandlar.
Brede Snøtun startar hos oss, og det gledar me oss til. Han har 80% plass, måndag, tysdag, onsdag og torsdag.
Rydding av alle korger: Som de ser, er det trangt om plassen i garderoben. Me ynskjer at ALLE foreldre tek ei opprydding av korger/utekle/sko siste fredag kvar månad. Viktig at alle kle/sko er godt merka, og at me har nok bytekle. Når det gjelder ullklede/fleece til utetid, er det nok med eitt sett som barnet likar å gå med. Vottar vil me ha to par av, og gjerne ein hals/buff på ekstra kalde dagar.
Kuldekrem er det ulike meiningar om. Viss du vil at barnet ditt skal bruke kuldekrem, tek du sjølv med i barnehagen og legg i korga. Me smør difor kun dei som har med seg privat. Har du gløymt å ta med ein dag, har me ein salve i barnehagen, men då må du gje beskjed til oss.