A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehagen

Plan for 27. febr - 10. mars

Desse to vekene blir det Raudhette og ulven som blir hovudfokus. I tillegg skal me ha karneval 7. mars. Folkemusikar Oline Løvlid reiser rundt for Folkeakademiet og skal ha konsert for oss 9.mars.

PLAN for 27.febr – 10. mars 2017

Måndag 27.

 

 

 

 

 

Tysdag 28.

 

Dialogisk lesing i grupper:

Raudhette og ulven

 

Kl 15.30: Opning av Oppvekstbiblioteket på skulen. Lesegledar Gard kjem og har lesestund.

Onsdag 1. mars

 

Me fortsetter med Raudhette og ulven

Torsdag 2.

 

Raudhette og ulven

Fredag3.

 

Boka mi: Brede

 

Barn fødd i 2012/2013:

Kl 09.45: Språkleik med 1. kl

Måndag 6.

 

2012: Song og teikning med Arvid.

 

Førebu til karneval

 

 

 

 

Tysdag 7.

 

KARNEVAL !!!

 

2012:

Kl 13.00: Skileik med 5.kl. Ta med skiutstyr.

Onsdag 8.

 

Raudhette og ulven

Torsdag 9.

 

Raudhette og ulven

 

2012/2013: Kl 13.15: Folkemusikkonsert med Oline Løvlid.

Fredag 10.

 

Boka mi: Lars

 

2012/2013: kl 09.45: Språkleik med 1. kl

 

Me brukar årstalet barnet er fødd for å vise kva alderstrinn som skal vere med på div. aldersbestemte aktivitetar.

Dialogisk lesing: Me vil i vekene framover ha fokus på eventyret «Raudhette og ulven». Dette eventyret vil me jobbe med i små grupper, der gruppene vil gjere noko likt, og  noko ulikt alt etter alder og utvikling. Me vil nytte metoden Dialogisk lesing, der me plukkar ut ord me vil snakke ekstra mykje om. Orda blir framstilt med både bilde og bokstavar. På den måten vil barna få ei forståing for at orda har eit innhald og ei betyding. I gruppene vil me nytte ulike måtar å formidle eventyret på, både i form at dramatisering, bordteater, flanellograf, Cd og den tradisjonelle bokaformidlinga. Kulissar skal me lage, og kostymer skal barna bli med på å sy.

Folkemusikkonsert med Oline Løvlid: Folkeakademiet arrangerar denne konserten for 1-4 kl og dei eldste i barnehagen. Me har valt å ta med born fødd i 2012/2013. Oline er frå Horningdal, og reiser no rundt med programmet SYNG UT. Her får me møte mange folkesongar som fortel om hendingar, arbeid, kjensler, stadar m.m. og ikkje minst språket vårt. Oline har vunne mange kappleikar og motteke mange prisar for arbeidet sitt, bl.a. kongens fortenestemedalje i 2016.

Språkleik m/1. kl: Me fortsetter med ein ny bolk med Språkleik for dei to eldte gruppene. Me deler oss inn i tre grupper på tvers av alder, og har tre stasjonar for leik fordelt på tre fredagar framover: Bondegård, skule og bresenteret. Alle får kvar si økt på kvar stasjon. Sjå eige skriv om kva Språkleik går ut på.

Karine Blikra på studietur til Svalbard: Karine skal i tida 28.febr-3.mars vere med fagnettverk-gruppa si på studietur til Svalbard. Her skal ho få bli med  å sjå korleis barna sin kvardag er. Ho skal få oppleve den barske naturen, både til fots og på snøscooter.

KARNEVAL: Kle deg ut som du vil.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS