A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehagen

Plan for 24.april - 5. mai

Mykje byggeaktivitet skjer rundt oss, og me vil no nytte sjansen til å lære nye ord både på yrkesgrupper, maskiner og anna utstyr som me ser. Me vil legge opp til bading tre fredagar framover, der målet er at alle får bli med på ei badeøkt. Ellers vil me starte opp att med å gå turar i nærmiljøet vårt, og sjå om me finn nye kulturminner.

Plan for 24.april – 5.mai 2017

Måndag 24. april

 

Oppstart av prosjekt «Barnehagen som byggeplass»

 

 

 

Tysdag 25.

 

Prosjekt

 

 

 

 

Onsdag 26.

 

Verdas bokdag

 

Oppvekstbiblioteket på skulen markerar dagen.  Me i barnehagen reiser på skulen og låne bøker hjå dei.

 

Torsdag 27.

 

Tur for ei gruppe

Fredag 28.

 

Kl 09.45

Bading for ei gruppe. Eigen info å SMS for dei det gjelder.

Måndag 1. mai

 

 

FRI

 

 

 

Tysdag 2. mai

 

 

Varm-mat

Onsdag 3. mai

 

Prosjekt

Torsdag 4. mai

 

Prosjekt

Fredag 5. mai

 

Kl 09.45

Bading for ei gruppe. Eigen info å SMS for dei det gjelder

 

«Barnehagen som byggeplass»: Mest kvar dag ser me arbeidsfolk, maskiner og diverse utstyr som kjem og reiser. Kva heiter eigentleg alle maskinene? Kva gjerd dei ulike folka på? Det er fort at me kalla dei for arbeidskarar, men det er damer med arbeidsklede der også? Mange sprørsmål dukkar opp, og no har me sjansen til å bli kjent med nye ord gjennom «Barnehagen som byggeplass». Me skal saman med barna ta bilder av ulike yrkesgupper, maskiner og utstyr me ser blir nytta. Ved hjelp av fokusord med tekst og bilder, skal me henge desse opp på veggen. T.d bilete av ein lastebil med ordet LASTEBIL skrive under med bokstavar. Eller takstolar, snekkar, betongbil, røyrleggar o.l. om det ikkje står på planen, skal me jobbe med dette mest kvar dag.

Bading: Me vil i fyrste omgang sette opp bading tre fredagar framover ( 28.april, 5. mai og 12.mai) Me vil at alle barna skal få ei badeøkt kvar i løpet av desse tre dagane. Antal vaksne er avgjerande for kor mange barn me kan ta med pr. økt . Me er veldig glade om det er foreldre som har tid og lyst til å hjelpe oss.  Viss foreldre kan bli med ein av fredagane, er det fint om de gjev besked til barnehagen fortast muleg, slik at me kan sette opp badegrupper ut frå antal vaksne.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS