Om skulen
Velkommen måndag 20.august til
Skulestart
Me ynskjer særskilt velkommen til dei nye fyrsteklassingane Ylva, Amund, Aksel, Nora, Live og Sofie! I tillegg har me fått ny assistent på skule og SFO, ho heiter Ane Hestad, og bur på Hafslo. Vel møtt til nytt skuleår alle saman!
Skulerute for Sogn og Fjordane 2018/2019 (med ferie- og fridagar gjennom skuleåret)
Siste året i barnehagen
Overgang barnehage-skule
Kva bør barnehageborna kunne når dei byrjar på skulen? Viktige ferdigheiter barnehagen arbeider med siste året før skulestart (som vert vidareført på skulen).
Læreplan og Rammeplan
Her er lenke til ein presentasjon av Læreplanen for skulen og Rammeplanen for barnehagen - ikkje fullstendig, men kan gi litt overblikk likevel.
Kort forklaring av prosedyrer, med lenker til utfyllande stoff
Retten til eit godt læringsmiljø
Korleis handterer skulen krenkjande handlingar?
Dette skuleåret er det seks born som går siste året i barnehagen
Overgang barnehage-skule
Kva bør barnehageborna kunne når dei byrjar på skulen? Viktige ferdigheiter barnehagen arbeider med siste året før skulestart (som vert vidareført på skulen).
GJE i staden for å FÅ!
Omvendt julekalender
I år er alle klassene på skulen med på noko som heiter Omvendt Julekalender. Kvar dag opnar me ei luke på nettsida til aksjonen (som er laga av SOS barnebyar), der me får sjå korleis ungar har det rundt om i verda. Gjennom heile adventstida kan elevane avtale med foreldra sine at dei gjer noko arbeid der dei gir løna for arbeidet til aksjonen.
Her finn de mappa med dei aktuelle vekeplanane for alle klassar
Vekeplan på nett:
2018-11-21Obs: Utsett til torsdag 30.aug grunna store mengder regn tysdag!
Tilbake til Tullifura
Torsdag (30.aug) prøver me att: Heile skulen på tur - tilbake til Tullifura, der skulen hadde "Rydd eit kulturminne" i 2009.
Alle må ha med stor og god niste (gjerne til å ete to gonger), drikke, gode tursko, regnklede og evnt skifteklede. Det er lov å ha med ein liten tursjokolade for dei som vil.
5.-7.trinn skal gå frå Prestegarden, så dei som følgjer drosjen kan stige av der. Dei som følgjer bussen/ikkje har skyss, blir køyrt ned til Prestegarden med bussen så snart 1.-4. er ute. Dei startar å gå frå Prestegarden om lag kl 9. Dei minste køyrer buss heilt opp til Halveg, der møtest alle.
Me er tilbake til vanleg skulerute-tid kl 14.45, men det vert altså ikkje bading denne torsdagen.