Barnehagen:
Månadsplan oktober
Klikk OKTOBER 2013.doc for å finne den
NB: Månadsplanen går over tre sider.
MÅNDAG 31 5-åringane ulike leikar i gymsal. Mål: lytte og utføre |
TYSDAG 1 3-åringane tema fargane gul+blå = grøn Målaraktivitet |
ONSDAG 2 3-åringane tema fargane gul + blå= grøn Målaraktivitet |
TORSDAG 3 Skrivedans med 5-åringane |
FREDAG 4 |
MÅNDAG 7 PLANLEGGINGSDAG. BARNEHAGE OG SFO STENGT |
TYSDAG 8 |
ONSDAG 9 |
TORSDAG 10 |
FREDAG 11 |
MÅNDAG 14 5-åringane ulike leikar i gymsal. Mål: lytte og utføre |
TYSDAG 15 5. klassen kjem og les for oss |
ONSDAG 16 3-åringane tema fargane gul+raud=orange Målaraktivitet |
TORSDAG 17 FEIRE BRAGE AA 5 ÅR ”Boktimen” Me deler oss i grupper, les og teiknar frå boka |
FREDAG 18 Bake bollar |
MÅNDAG 21 FEIRE BRAGE OG VEGARD 5 ÅR ”Boktimen” for alle |
TYSDAG 22 3-åringane tema fargane Raud+blå= lilla Målaraktivitet 5-åringane på skulebesøk |
ONSDAG 23 3-åringane lagar fellesbilde |
TORSDAG 24 5- åringar (gruppe 1) har bading ilag med 1-3 kl |
FREDAG 25 |
MÅNDAG 28 5:åringane: leikar i gymsal Mål: Lytte og utføre |
TYSDAG 29 3-åringane fortsette med fellesprosjekt |
ONSDAG 30 3-åringane fortsette med fellesprosjekt |
TORSDAG 31 5-åringar (gruppe 2) har bading i bhg. |
|
TILRETTELAGT AKTIVITET:
FOR 5-ÅRINGANE:
- BADEGRUPPER:
- Gruppe 1: Ingeborg, Bertine, Vegard og Jan
- Gruppe 2: Brage Aa, Brage N, Sigve og Ola
- SKULEBESØK blir tysdag 22. oktober. Me skal vere komne på skulen til 09.45 og den som vil kan ta med eiga niste denne dagen. Drikke har me felles med ifrå barnehagen. Viktig å ha innesko ståande fast i barnehagen, då alle MÅ bruke det på skulen.
- SKRIVEDANS: 5-åringane startar opp med skrivedans før haustferien. Då får me kjennskap til kva dette inneber før me skal på skulebesøk og jobbe meir med det der. Carla kjem også i løpet av hausten og har skrivedans med oss.
- LEIKAR I GYMSAL: Me har hatt fokus på øyra og kvifor me har øyrer. Me har lytta på ulike lydar og prøvd å skilje lydane frå kvarandre. I gymsalen vil me bruke leikar der borna må konsentrere seg og bruke høyrsela aktivt for å få med seg kva som blir sagt for å kunne utføre.
FOR 3-ÅRINGANE:
- Lære primærfargane (raud, gul og blå) og blande desse for å få nye fargar, og bruke ulike målarteknikkar.
- Samlingar der me les høgt, snakkar om fargane i bøkene.
- Me er godt i gang med temaet, og har jobba med fargane raud, gul og blå.
- I slutten av oktober vil me måle eit fellesbilde, og då er det ynskje om at alle 3-åringane tek med målarklede (gamle kle som evt. kan kastast etterpå).
FOR 1- ÅRINGANE:
- Omsorg og dei daglege rutinane er det viktigaste
- Som del av satsing på språkutvikling, syng me for dei, og ser i peikebøker.
- På stellebordet har me hengt opp finger- og tå-regler som me brukar i stellesituasjonen.
FOR ALLE:
- BOKTIMEN: Me deler borna inn i smågrupper, der den vaksne les ei bok som er tilpassa alder. Etter lesestunda blir det teikneoppgåve frå boka.
- 5. KL LES FOR OSS: Cathrine, Vebjørn, Jasmin og Tora kjem og les for oss ein gong i månaden. Etter lesinga blir det leik i grupper.
GEBURSDAGSFEIRING: Alle borna blir feire når dei har gebursdag. Dei får velje farge på kruna si, og dekorere ho med klistermerke. Alle borna er med å syng og ”skyt” rakettar. I år vil me bruke eit lys (m/batteri) som alle får holde og seie noko fint til den som blir feira. Stunda blir feira med fruktfat og filmstund.
HUGS:
- Gymsalsko/innesko som står fast i barnehagen
- Koseputer for 3- og 5- åringane til kvilestunda
- Gje beskjed om barnet ditt skal ha fri i haustferien (veke 41)