A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehagen

Månadsbrev for november

MÅNADSBREV FOR NOVEMBER

 

No er vinteren komen for fullt, og ungane likar å leike seg i snøen. Me akar i akebakken vår, og køyrer brøytebilar så snøspruten står. Me er ute kvar dag, litt varierande om dette er på føremiddag eller etter lunsj. No er det særs viktig at alle sjekkar strikkar på dressen og at skoa er høge nok i forhold til dressen. Det er ikkje kjekt å få snø inn i skoen.

 

 

November har vore prega av tema Venner. Her har me delt oss i mindre grupper og brukt ulike bøker som tek opp dette temaet. Me har fokusert på kva me gjer for at alle skal få bli med i leiken, og at me må dele og vere snille med kvarandre. Korleis ser me at nokon er lei seg, og kva kan me gjere for at dei skal bli glade att. Dette er noko me snakkar om mest kvar dag, og som er ein viktig del av det kvardagen vår.

 

Gymsal og Minirøris har me brukt ein del. I gymsalen lagar me hinderløype som alle  må prøve ut. I minirøris bevegar me oss til musikk, og dette er både kjekt og krevande.

 

 

I songsamlingane øver me fram mot nissefesten. Her brukar me songar som Judith Vestreim lærte oss i vår, og me øver nye songar som Karine har lært gjennom kurs ho har vore på. På nissefesten får de høyre nokon av desse.

 

5. og 6. klassen er å les for oss, og etterpå har me spel, puslespel og leik ilag med dei. Kvar elev les for 2-3 barnehageungar, på denne måten blir me ekstra godt kjende med dei eldste elevane på skulen. Ein flott samarbeid.

 

 

 

I skriftspråkstimulerande leik er alle 3- og 5-åringane med. Ei gruppe 2.kl kjem til oss, og me deler oss i to. Ei gruppe har rolleleik med tema Bresenteret, og ei gruppe har Bondegard. Dei som ynskjer, skriv meny, skilt, namneskilt og liknande, som me brukar i leiken. Her er det plass til å vere kreativ og finne på ulike roller etter kvart som leiken går framover.

 

Skulebesøk for 5-åringane er me komne godt i gang med. På skulen er me blitt kjende med Else-Marie og 2.kl. På desse besøka har me vår eigen «timeplan for besøket» som omfattar både rim/ellingar, stasjonsøvingar med bokstavar/tal,  og skrivedans. I friminutten har skulen fellesaktivitet, så me heng oss på dei andre og er med på leiken deira. Når skuleklokka ringer inn, er me raske til å springe inn å gjere oss klar til nistepakka vår. Til slutt har me litt tid att til leik, og det er ekstra kjekt!!! Annan kvar måndag er ei gruppe 5-åringar med på gymtime med 2. og 3. kl + bading i jente/gute-gruppe. Av praktiske grunnar delar me oss i jente /gutar, for då er Anne Kristin med i garderoben.

 

Og no nærmar det seg jul og julegåver…..me driv å lagar litt av kvart, men dette er hemmeleg….

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS