A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehagen

Månadsbrev for mars

Her finn du ei oppsummering over kva me har gjort på i mars:)

MÅNADSBREV FOR MARS

 

 

Mars har vore ein månad med mykje uteleik,  våte dressar og vottar. Men me ser fram mot at snøen smeltar, og soli varmar meir for kvar dag.

 

 

 

”Boka mi” har me hatt kvar fredag, ei bok på Revehiet og ei på Bjørnehiet. No har snart alle fått ta med seg ei bok heimanfrå. Det er kjekt å sjå kva bøker barna likar, og kva bøker dei vel å ta med seg.

 

 

Det mest sentrale i mars månad, har vore å få ”Larve”- prosjektet fullført. Til fastelavn bakte alle barna kvar sin larve-bolle som me fylte med krem og syltetøy. Me inviterte alle elevane og lærarane på skulen til å komme å sjå framsyninga og utstillingane våre. Det kribla litt i magane våre under framføringa, men me må konkludere med at no kan me boka godt. Rette etter påske, var det foreldra og søskena sin tur for å komme å sjå prosjektet vårt. Totalt var det 32 personar som kom for å sjå, og det er me kjempeglade for. Barna har i ettertid snakka mykje om denne dagen, og det er tydeleg at dei er stolte og lært mykje gjennom heile prosessen.

 

 

 

 

Karneval er alltid kjekt å arrangere med barna. Barna er veldig glad i å kle seg ut, og mange hadde vore kreative og laga flotte kostymar. Dagen inneheld både ”open scene”  og leikar i gymsalen. Ballongar og musikk høyrde til denne dagen.

 

 

 

 

 

 

I år var påsken i mars. Barnehagen arrangerte tradisjonell påskefrukost til alle foreldre og søsken både i barnehagen og sfo. Alle vikarar og tilsette var også inviterte. I forkant hadde barnehagen baka bollar og horn, slik at alle skulle bli gode og mette.

 

 

Som påskeaktivitet, målte me påskekyllingar på mjølkekartongar og sådde karsefrø oppi.

 

Samarbeid med skulen har me kvar månad. Når det gjelder 6-åringane, er det no oftare skulebesøk . I mars laga 5/6 kl skileik for den eldste gruppa. Skulebesøk har me hatt, der me er byrja å jobbe i ”blyantboka”. På skulen ser me korleis det er å vere elev, og ha kvar sin pult å sitte ved. Me er med på arbeidsøkt, friminutt, måltid og litt tid til leik må me også ha. Denne gongen var det jentene som bada ilag med 2-4 kl, og ei gruppe har vore med i gymtime ilag med 2. kl. Barnehagen ser på det som særs viktig at 6-åringane er trygge og godt kjende med skulen, og på den måten få ein lettare overgang når dei startar der i august. Fysioterapaut Carla var innom oss for å ha skrivedans. Her øver me på å bli sterke i fingrane våre, og øver på korleis me skal holde blyanten rett.

 

 

 

Utedag med skileik, aking og grilling hadde me rett etter påskeferien. Me var ute stort sett frå kl 10.30 og ut dagen. Nokon gjekk på ski, og andre leika i området på fotballbana. Etterpå reiste me i Bjørka-bakken med akematter, og skreidde i full fart på skaren.

 

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS