A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Februar 2014

Informasjon frå barnehagen

I barnehagen vil me ei tid framover legge vekk ein del planlagde aktivitetar, og legge til rette for god rolleleik og dei aktivitetane borna har lyst til å drive med (gå på ski, småturar, måling, leikegrupper, spel osb). Me vil samtidig jobbe med folkeskikk og korleis me er mot kvarandre; språkbruk og respekt for andre.

Under finn de informasjon om dette og fleire praktiske ting som òg står i brev som vert sendt heim.

Opplegg og aktivitetar/ månadsplan:

I februar vil månadsplan kun innehalde fastsette ting som gebursdag, boka mi, bading og samarbeid med skulen. Me ser at for mykje faste aktivitetar kan redusere ungane sitt leike- og læringsrom. Difor ynskjer men no å redusere fastsette og planlagde aktivitetar, og heller prøve å utvikle leiken. Me ynskjer å vere opne for gode initiativ frå ungar og vaksne som t.d. gå meir på ski, reise på aking osv. Me prøver å vere flinke til å syne kva me har gjort, sjå bilete på døri!

I tillegg kjem me til å ha eit sterkare fokus på folkeskikk og språkbruk, korleis ungane er mot kvarandre, og korleis ungane oppfører seg mot vaksne. Me ser at dette er naudsynt no og me vaksne må «setje ned foten» litt tidlegare.

 

Sjukdom

Me høyrer at diare og oppkast sykje går for fullt no. Minner om smittefaren. Kommunelege Schønberg anbefaler (e-post 7.febr 2013) at ungar som har hatt diare/oppkast er heime 48 timar etter at dei er symptomfrie.

 

Onsdag 26.februar

Er det Fagdag for tilsette i barnehagane, og flest mogeleg av oss tilsette ynskjer å delta. Viss nokon av ungane har høve til å vere heime den dagen eller gå kortare dag så set me pris på det. Gje oss tilbakemelding på om dette kan late seg gjere for din unge. Dette vert gjennomført i alle barnehagane i kommunen.

 

Vinterferie 17.-23. februar

Viss nokon av ungane skal ha fri deler av veka så er det fint om de gjev oss melding så snart de veit, slik at me kan tilpasse bemanninga etter kor mange som kjem.

 

Beste helsing,

Oddbjørg & co

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS