5-åringane
Fisketur til Nigardsbre-vatnet
Fredag 21. aug blir det tradisjonell fisketur for 5-åringane. Me reiser fram til til Nigardsbre-vatnet, der me fiskar, grillar og tek oss ein tur med "Jostedalsrypa".
Barnehagen har med eigne fiskestenger, og mat til grilling. Om det vert fisk, grillar me sjølvsagt denne.
Barna trenger:
- å smørje seg med solkrem før dei kjem i barnehagen
- solbriller
- panneband, kan vere vind/trekk
- ytterjakke
Alle må vere komne i barnehagen til 09.30, og me reknar med å vere attende til 14.00
A/L Brevegen sponsar bommen og båten for oss. Tusen takk til dei.