A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Bokprosjektet i barnehagen

Dette barnehageåret vil me ha særleg fokus på fagområdet Kommunikasjon, språk og tekst.

 

Rammeplan for barnehagen seier: Tidlig og god språkstimulering er en viktig del av barnehagens innhold. Kommunikasjon foregår i et vekselspill mellom å motta og tolke et budskap, og å selv være avsender av et budskap. Både den nonverbale og den verbale kommunikasjonen er viktig for å utvikle et godt muntlig språk. Å få varierte og rike erfaringer er avgjørende for å forstå begreper. Å samtale om opplevelser, tanker og følelser er nødvendig for utvikling av et rikt språk. Tekst omfatter både skriftlige og muntlige fortellinger, poesi, dikt, rim, regler og sanger. Viktige sider ved kulturoverføringen er knyttet til kommunikasjon, språk og tekst.

Tidlegare i haust har me øvd på å lytte og ta signal, no går me vidare og startar opp med

Boktimen: Ungane blir delt inn i smågrupper. 3-4 barn les med ein vaksen. Alle les i same tidsrom. 3 og 5 åringane teiknar frå boka etterpå. Dette startar me med i veka etter haustferien.

Utlån av bøker: Barn og foreldre får låne bøker frå barnehagen med seg heim. Bøkene står på hyller i garderoben og i ei kasse under hyllene. Max 2 bøker om gongen med heim. Foreldra må sjølve skrive inn lån av bøker i ei bok og krysse ut boka då dei leverer boka att.

Boka mi: Kvar unge får kvar sin dag som dei skal ta med ei bok heimanfrå. Denne boka skal ungen få seie litt om i ei samling, og etterpå les me boka i lag. Den som skal ta med seg bok får med ein lerretspose heim som skal frakte boka til barnehagen. Me startar opp dette prosjektet torsdag 24.oktober. Følg med på månadsplan og heimesida. Der vil det stå kven som skal ha med bok.

Vekas ord: Heile oppvekstsenteret har Vekas ord, sjå heimesida. Ordet er eit dialektord frå Jostedalen som barna skal bli kjende med i løpet av veka. Me prøver å ha same ordet som skulen, men viss skulen sitt ord blir for vanskeleg for oss, vil me velje eit eige ord. Ordet vil henge i ramme på veggen ved sida av utlån av bøker.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS