5. kl
22.sep 2015
Referat frå klasseforeldremøte 2.-4.kl og 5.-7.kl
Her oppdatert MED referatet frå 2.-4.klassemøtet!
Måndag 14.september har 5.-7.trinn
Valkafé på Jostedal skule kl 12-17
Elevane i 5.-7.trinn har baka muffins og førebudd kafé til valdagen - i tillegg til at dei har lært om lokaldemokrati og viktige saker i valkampen her i Luster. Kaféen er på skulen, hugs kontantar!
På tur i regnet med ein ekstra kjentmann
Skuletur Espe - Kroken
Einar Ese har rydda stien frå hyttefeltet på Espe og inn til Kroken, og vart med skulen på turen. Her går dei av garde med kjentmannen fyrst, så kjem 7.klassingane med fadderungane sine frå 2.klasse, og så følgjer 3. - 6.klasse med dei eldste sist. Dei rakk akkurat å starte på turen før regnet byrja.
På skulen testar me no ut
Adaptiv læring i matematikk
Kort fortalt: Matteoppgåver på nett der du får lettare oppgåver om du svarer mykje feil, vanskelegare oppgåver om du svarer mykje rett. Multi Smart Øving (4.trinn klassekode: 2533815860, 5.trinn klassekode: 9350959910) og Khan Academy (6.-7.kl). Spennande bruk av teknologiske mogelegheiter!
Sjå kven som er med i
Elevrådet 2015-2016
2.tr: Ola Tuften & Brage Norberg, 3.tr: Siri Elise Fossen, 4.tr: Jostein Tennø Loe, 5.tr: Thea Tuften, 6.tr: Aslak Skamsar Aasen, 7.tr: Jasmin Kageni Namu (leiar). Fyrste møte: Onsdag 26.august
Her finn de alle klassane sine
Timeplanar skuleåret 2015-2016
Desse timeplanane gjeld "vanlege veker", og kan endrast gjennom året.
Ordføraren klipper snora, alle er velkomne!
"Vasskraft i Jostedalen" - avduking av modell på Breheimsenteret
Denne våren har elevane i 5.-7.klasse ved Jostedal skule hatt eit omfattande prosjektarbeid om "Vasskraft i Jostedalen" der dei mellom anna har laga ein stor 3D-modell av Jostedalen i isopor (1,20 x 1,80 m) som syner viktige plassar i dalen, men hovudsaken var å sjå kvar det går røyr inne i fjellet, kvar kraftstasjonen er osb. Me vil gjerne invitere alle interesserte til avduking av modellen på Breheimsenteret i Jostedalen førstkommande måndag (8.juni) kl 10.45-11.30.
Løys 422 oppgåver innan 1.juni!
Mattemaraton
HER er lenkje til Mattemaraton-registrering. Bruk skule-eposten til registrering.