På tur i regnet med ein ekstra kjentmann
Skuletur Espe - Kroken
Einar Ese har rydda stien frå hyttefeltet på Espe og inn til Kroken, og vart med skulen på turen. Her går dei av garde med kjentmannen fyrst, så kjem 7.klassingane med fadderungane sine frå 2.klasse, og så følgjer 3. - 6.klasse med dei eldste sist. Dei rakk akkurat å starte på turen før regnet byrja.
Tema på turen er stadnamn og gamle tufter, blomsterplanter og dialektord. Framme i Kroken skal dei inn på Gamlehotellet og teikne litt. Bussane hentar dei der til vanleg skuleslutt-tid.