A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
IMAG4018

Ordføraren klipper snora, alle er velkomne!

"Vasskraft i Jostedalen" - avduking av modell på Breheimsenteret

Denne våren har elevane i 5.-7.klasse ved Jostedal skule hatt eit omfattande prosjektarbeid om "Vasskraft i Jostedalen" der dei mellom anna har laga ein stor 3D-modell av Jostedalen i isopor (1,20 x 1,80 m) som syner viktige plassar i dalen, men hovudsaken var å sjå kvar det går røyr inne i fjellet, kvar kraftstasjonen er osb. Me vil gjerne invitere alle interesserte til avduking av modellen på Breheimsenteret i Jostedalen førstkommande måndag (8.juni) kl 10.45-11.30.

Prosjektet har vore tverrfagleg, med læringsmål frå m.a. samfunnsfag, naturfag, matematikk og norsk. I tillegg har det vore eit samarbeid med det lokale næringslivet (Statkraft v/Norman Kjærvik og Breheimsenteret v/Gaute Grov). Statkraft har guida oss i kraftstasjonen på Myklemyr og gir oss lunsj på Breheimsenteret etter avdukinga på måndag. Breheimsenteret vil ha modellen vår stilt ut gjennom heile sesongen.
 
Lærarane med hovudansvar i prosjektet har vore Arvid Elvekrok (samfunnsfag og kunstnarleg ansvarleg), Håvard Kastet (naturfag og matematikk) og Marie Fredheim (norsk og matematikk) i tillegg til rektor/norsklærar Mette (norsk og styring/koordinering).
 
Programmet for måndagen ser ut som følgjer:
Kl 10.45: Me møtest på Breheimsenteret (heile skulen er med, i tillegg til Norman Kjærvik frå Statkraft)
Kl 11.00: Avduking av modellen v/ordførar Ivar Kvalen, påfølgjande fagleg presentasjon v/elevane i 5.-7.trinn
Kl 11.30: Felles lunsj for skulen og samarbeidspartnarane på Breheimsenteret
Kl 12.30: Skuleelevane reiser tilbake til skulen

Beste helsing,

Mette F. Reinertsen, rektor/styrar Jostedal Oppvekstsenter
Mob: 91715162
Twitter: @Metterein
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS