7. kl
Me får presentere prosjektet vårt ved
opninga av Breheimsenteret måndag 24.juni mellom kl. 11 og 13
Første runde av jostedalsprosjektet i hamn, og me vil nytte høvet til å oppfordre alle om å komme på opninga av Breheimsenteret måndag 24.juni: Korpset speler, ungane i barnehagen vil vere der, Myrhorn-måleria til skuleelevane vert stilte ut, og statsministeren kjem. Ein del av arrangementet er lukka (i kafeen på Breheimsenteret), og leiar og nestleiar i elevrådet (Gunnar og Sølvi) vil overrekkje eit eksemplar av jostedalsbrosjyra til statsministeren og seie litt om prosjektet der me skulle bli "ekspert på eiga bygd". Det er planlagd at alle ungane følgjer statsministeren ut når han er ferdig inne på Breheimsenteret ca kl 12.45.
Måndag 17.juni kl 17.30 - alle er velkomne
Sommaravslutning
Arbeidslista frå FAU finn de her òg.
REFERAT
5. Elevrådsmøte 29.mai 2013
Sak: Planlegging av skulen sin sommaravslutning
Mål: Me skal bli einige om eit program der me tek omsyn til kva publikum vil setje pris på, og der alle klassane får det litt som dei vil.
Dagens omgrep: Kompromiss (igjen!)
1.-4.trinn i Breadalen, 5.-7.trinn på Nigardsbreen
Tur i Breadalen
Tysdag hadde 1.-4.kl ein kjempefin tur i Bredalen. Veret var lettskya med solgløtt innimellom. Elevane lærte om kartlav på stein og gjorde fleire målingar undervegs, for storleiken på laven kan fortelje oss kor lenge veksestaden har vore isfri.
(Biletet er frå breturen til 5.-7.trinn)
Husmålaren vår Arvid lærte oss 3 løyndomar!
Måndag målte me Myrhyrna
Som ein del av Jostedalsprosjektet, har elevane lært gjennom det gamle pedagogiske prinsippet "Learning by doing", og prøvd seg som ekte målarar. For å få til det, måtte sjølvsagt ein ekte målar til som rettleiar, og Arvid delte tre av løyndomane målarar frå gammal tid har kjent til og nytta for å lage bilete av det me ser rundt oss.
ALLE JOSTEDØLER: Me ynskjer så mange svar som mogeleg (men berre eitt frå kvar person)!
Den store Jostedalsundersøkinga
Me vil bli ekspertar på vår eiga bygd, hjelp oss ved å svare på spørjeundersøkinga!
(Tek om lag 5 minutt)