Skuleturar på slutten av skuleåret
Ser ut til at 5.--7.trinn har det fint i Florø:
Fagleg tema for turen til 5.-7.trinn er knytt til naturfag (saltvatn, som me ikkje så lett kan observere i Jostedalen). Dei reiser med hurtigbåten frå Sogndal onsdag morgon kl 06 (fau-leiar Øystein koordinerer køyring), overnatter på Florø Vandrarheim, og møter resten av skulen på Skei torsdag formiddag.
1.-4.trinn reiser frå Jostedalen kl 8 torsdag morgon, heile skulen har opplegg på Astruptunet mellom 11 og 14, og me satsar på å vere tilbake på skulen innan kl 16, så dei som skal på grillfest i barnehagen rekk det òg!