Velkomen til nytt barnehageår
Velkomen til nytt barnehageår!
Dei første vekene framover vil me bruke til innkøyring. Etter ferien treng me alle litt innkøyring att, med rutinar og alt som høyrer med barnehagekvardagen. Me har ikkje noko månadsplan i august, men me vil gje dei nye barna tid til å bli godt kjende med oss i barnehagen. For å få til dette deler me oss ofte i grupper, nokon ute og nokon inne, eller i mindre grupper inne. Nokre gonger får barna velje, andre gonger bestemmer dei vaksne.
2012 rykker no opp og blir eldst i barnehagen, det er stort! Allereie tidleg i sommar fekk me spørsmål om når dei skulle begynne med 5-årsopplegg, så det er tydeleg at dei har forventningar til kva som skal skje no når dei er blitt "størst".
Månadsplan kjem i september.