A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 8

Badedyr
Badedyr
Lesing i grupper
Lesing i grupper
Puslegruppe
Puslegruppe
Kortspel er populært for tida
Kortspel er populært for tida
Kvar vart det av pusen?
Kvar vart det av pusen?
Interessant å lære om førstehjelp
Interessant å lære om førstehjelp
Fastelavensris under produksjon
Fastelavensris under produksjon

Denne veka er det vinterferie på skulen, og dermed er det også færre barn i barnehagen enn vanleg. Me har brukt ledige stunder til å vaske leiker. Det er viktig med godt reinhold, kanskje me kan unngå noko sjukdom viss me er flinke å vaske både leiker og hender? Håndvask har me i hvert fall blitt veldig gode på.

Ellers har me laga mange flotte fastelavensris, utanfor døra vår står eit kjempestort eit! Fredag skal me kose oss med fastelavensbollar.

Me har fått ei Henry-dokke hjå Røde Kors, den kom Linda med - tusen takk. Henry-settet inneheld ei Henry-dokke, ein liten førstehjelpssekk, eit pedagogisk veiledningshefte, ein minnepinne med musikk og ein flipover med illustrasjonar av Henrys uhell. Målet med dokka er å lære barna kva me kan gjere for å hjelpe Henry, kven som skal hjelpe han og kvar me skal ringe. Spennande og interessant!

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS