A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 45 og 46

Kule krabater
Kule krabater
Kreativ byggjeleik
Kreativ byggjeleik
Matdag
Matdag
Til topps i klatrestativet for første gong
Til topps i klatrestativet for første gong
Demokrati
Demokrati

Me har halde fram med temaet sansar - fokus på syn. Me har sett på ulike typar briller; vanlege briller, solbriller, skibriller og vernebriller. Kva brukar me desse til? Me har også sett på linsene som ei av dei vaksne i bhg brukar. Rart at ein kan sjå betre med dei. Ein dag såg me ein episode frå "Sånn er jeg, og sånn er det" frå Nrk super. Den handla om to tvillingar, som begge var svaksynte. Ein av dei måtte stå heilt inntil Tv-en for å kunne sjå noko. Me har gøymt ting inne i bhg og leika gøymsel, då er synet spesielt viktig.

2012 har hatt to nye økter med kule krabater. Desse øktene har handla om at me kan ha ulike kjensler. Me har sett på bilete av barn som er glade, lei seg, redde, overraska...... Kva gjer deg glad? Kva gjer deg redd? Kan vere vanskeleg å setje ord på - greit å øve seg. Barna har også øvd seg på ballongpusting, det å puste godt ned i magen. Lurt å gjere når ein t.d er redd.

Elles er me så smått byrja å tenkje på adventsførebuingar. Me har hatt avstemming om me skal lage pepperkakehus eller kyrkje. Det vart 7 mot 4, i favør kyrkje. Dei eldste har laga "arbeidsteikningar"  til bygget på 5-årsopplegg.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS