Veke 42
Denne veka sto det to nye ting på planen; kule krabatar leikar og nytt tema, sansane våre.
Kule krabatar leikar er nytt for oss alle, det går ut på å styrke og utvikle dei sosiale ferdigheitane hjå barna. I første økt snakka me om og øvde på å spørje om å få vere med.
Første sansen me har om er smakssansen. På onsdag hadde nokon av barna på seg bind for augene og fekk smaka på ulike ting, det var morosamt, spennande og litt skummelt.
Onsdag var det óg første fadderlesinga, kjempekjekt å bli lest for av fadrane, me gledar oss til mange fine lesestunder framover.