Veke 39
Ungane fekk vere med å lage fisketaco til lunsj, det var kjempekjekt og overraskande godt. Rundt bordet når maten blir tilberedt er ein god plass for samtalar om kvar maten kjem frå og kva mat som er bra for kroppen.
Denne veka har dei dei minste vore i gymsalen, til stor stas. Me er heldige som har ein plass der ungane kan få utfolde seg grovmotorisk. Dei store mjuke klossane er kjekke å leika med.
5-åringane var så heldige å vere med 1.og 2.klasse på uteskule i Moane. Her har me godt tid til å sjå og studere kva som veks av blomster og bær og kva dyr og insekt som som er i naturen.