Veke 38 Kommuneval, friidrettsdag og utearbeid
Vekene går veldig fort her på skulen! Det er ikkje så rart, for me har mykje å gjere.
Måndag var det kommuneval, og det måtte me sjølvsagt delta litt i. Me var nede på Fjordstova og såg korleis det gjekk føre seg. Elles har me hatt val på skulen òg, så no er representantane til elevrådet klart.
Tysdag var me på Moane, Hafslo på friidrettsdag. Der var det full aktivitet heile dagen, med 60 m, kule, høgde, lengde og stillelengde. Etter lunsj fekk elevane velgje om dei ville gå 3 km eller springe 800m. Kjempekjekk utedag i flott vêr!
Fredag starta me opp opppussingsprosjektet vårt på utemøblane. Elevane skal måle uteborda. Dei har planlagt korleis dei vil at borda skal sjå ut. Fredag byrja forarbeidet til måling, og neste veke skal dei målast. Det blir kjempespennande å sjå det ferdige resultatet, me gledar oss!