A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 36

010
Valresultatet
Stemmesedlane la me i valurna
Stemmesedlane la me i valurna
Bokstavar av kitt
Bokstavar av kitt
Kreativ leik med garn
Kreativ leik med garn
Kjekt med 5-årsopplegg
Kjekt med 5-årsopplegg
Me er heldige som har ein så fin turplass me kan nytte i Moane
Me er heldige som har ein så fin turplass me kan nytte i Moane
Ut på tur for å fotografere hus på Skjolden
Ut på tur for å fotografere hus på Skjolden
Fjordstova fotografert av barna
Fjordstova fotografert av barna
2012 og 2013 øver på BliMe-dansen med 1. - 4. klasse
2012 og 2013 øver på BliMe-dansen med 1. - 4. klasse

Me er godt i gang med temaet vårt Skjolden før og no, me har laga eit kjempestort kart over Skjolden og på det skal det etterkvart komme fleire bilete. Alle barna har sjølve fotografert ulike hus på Skjolden. Nokre hus kjenner me godt til, som Fjordstova - der veit alle at det finnst både badebasseng og byggeklossar. Andre hus veit me ikkje så mykje om, men når me jobbar med temaet skal me lære mykje nytt.

 

I den nye rammeplanen står det følgjande: Barnehagen skal fremme demokrati og vere eit inkluderande fellesskap der alle får anledning til å ytre seg, bli høyrt og delta. Dette har me alltid med oss i barnehagen, men i samband med stortingsvalet i år ville me óg ha val og prøve å vise ungane kva val/demokrati er. Me hadde kakeval, og det var to alternativ, eplekake eller muffins. Valet vart uavgjort, så me enda opp med eplemuffins.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS