A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 35

001
033
050
053
061

Dette barnehageåret har me fokus på fagområda kropp, rørsle og helse og etikk, religion og filosofi. I samband med helse har me no begynt å rette merksemda på betre handvask. Me har teikna hendene våre og øvd på kva fingrane heiter, då blir det lettare når nokon seier "hugs å vask begge tomlane godt." Innan rørsle har me gått mange turar i større og mindre grupper, bl.a. til Sengjaberget og cruisekaien. Dei minste tykkjer at ein tur nedpå Skjolden for å sjå på gravemaskin er kjempespennande.

Oppvekstsenteret skal i år ha om Ornes og Urnes stavkyrkje og det passar godt inn under fagområdet etikk, religion og filosofi. Når me var på Svarthiller såg me ned på Ornes, me fekk ikkje auge på stavkyrkja, men no veit me kvar den er, og dit skal 2011 og 2012 på besøk 13. september. Me har hengt opp eit bilete av stavkyrkja inne i barnehagen, eit barn tykte den likna ganske mykje på slottet på Hunderfossen...

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS