Veke 24
Sidan sist..
Onsdag i forrige veke hadde me den tradisjonelle sommarfesten med grilling, sang av borna og utdeling av rammer til 6-åringane. Me var heldige med véret og hadde ein kjekk ettermiddag ilag.
Me har vore på mange fine turar, nokre turar for dei minste og nokre for dei største. Turane har gått til bl.a. fuglekassa, Heltnane, leikeplassen i Moane og Fløyen, me blir godt kjende i nærmiljøet vårt på desse turane. Fugleungane hadde vokse masse siste veka, no er det nok ikkje lenge før dei flyg!
Måndag var det Hopp-opp-dag, dvs at alle elevane på skulen hoppar opp eit år, og då hoppar førskuleborna i barnehagen inn i 1. klasse. Det er alltid spennande å vere på skulen, og ekstra kjekt er det å få prøve seg på ein heil skuledag.